STORE SKILNADER: Medan sauene og lamma hadde ein fredeleg beitesesong i Lærdal, Aurland og Sogndal i fjor, var tapa i Årdal blant dei høgste i fylket. Illustrasjonsfoto
STORE SKILNADER: Medan sauene og lamma hadde ein fredeleg beitesesong i Lærdal, Aurland og Sogndal i fjor, var tapa i Årdal blant dei høgste i fylket. Illustrasjonsfoto

Høgt tap av lam i Årdal

Tre gonger så høge tap i Årdal som Sogndal, Lærdal og Aurland. 

Indre Sogn/Sogndal: Tap av sau og lam på utmarksbeite i Sogn og Fjordane har gått nedover dei siste åra. I 2016 var det ein liten auke, men framleis er tapet under 5 prosent. Gjennomsnittleg lammetap i landet var 6,1 prosent, skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på sine nettsider.

Men statistikken viser store skilnader. Sogndal hadde dei lågaste tapstala i heile fylket med under tre prosent. Også Lærdal og Aurland ligg på topp fem med mellom tre og fire prosent.

Mista åtti lam

Årdal er heilt i andre enden av skalaen med nesten ti prosent lammetap, berre Vågsøy har høgare del tapte lam i fylket.

Artikkelen held fram under tabellen

KVAR SIN ENDE: Medan Sogndal, Aurland og Lærdal alle er blant kommunane med minst tap av lam på beitet – alle under fire prosent – ligg Årdal i andre enden av skalaen med rundt ti prosent. Tabell: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Erling Offerdal, leiar i Årdal sau og geit, mista sjølv åtti lam i haust.

– Det slår så klart hardt ut på statistikken, seier han.

Og kva som er hovudårsaka til at det gjekk så mange lam tapt i Ofredal, er han ikkje i tvil om

– Ein skulle prøva å ta ut noko jerv for det gjekk att nokre jervar her oppe. Dette lukkast ikkje.  Det er observert jervespor i sommar, haust og vinter også. Me har nok noko meir ørn enn før, men jerven tek klart mest.

Snart slutt på lisensjakta på jerv

Årets lisensjakt, der det er gitt løyve til å fella åtte jervar, blir avslutta om ei veke. Ingen jervar er felte til no, og etter endt lisensjakt 15. februar må jerven eventuelt takast ut ved ekstraordinært uttak i regi av Statens Naturoppsyn (SNO)

– Eg håpar det blir teke ut jerv i vinter – tilhøva har vore dårlege så langt med hard snø så det er vanskeleg å spora. Så eg håpar på noko nysnø, seier Offerdal.

Fylkesmannen skriv på sine nettsider at det generelt i fylket ikkje har vore snakk om dei store rovdyrtapa, men at fleire lag melder om aukande problem med mellom anna ørn og rev, og alveld – og at flått har enkelte stader ført til problem også denne sesongen. 

Artikkelen held fram under diagrammet

NEDGANG: For fylket generelt har tapet av lam stort sett gått ned sidan 2011. Tapa gjekk noko opp i 2014, då mellom anna jerv tok mykje sau i fjella mellom Årdal og Lærdal, og det er ein liten oppgang i 2016 i høve 2015. Diagram: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Totalt var omlag 194 000 sauer og lam på utmarksbeite i Sogn og Fjordane sommaren 2016.

Til toppen