SUVEREN SIGER: Brann vann fem null mot Vålerenga
SUVEREN SIGER: Brann vann fem null mot Vålerenga (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)

Høgt tempo med veteranar på bana

I år var det 20-årsjubileum for Veterancup i Lærdal. I år som før var stemninga på topp, både på tribuna og på bana.

Lærdal: Veterancup er over for i år. Denne gongen gjekk tre av fem sigrar til lag i Sogn.

Haugesund vann 5-2 mot Brann i finalen for klassen superveteran. Etter å raskt ha gått inn i leiinga med to mot null mål etter mindre enn tre minutt, var stemninga for resten av kampen lagt.

Brann og Vålerenga sto på kvar sin banehalvdel då det vart tid for finale i veteranklassen. Dette vart fyrste gong dei to laga møttest i cupen. Med ei rask skåring la Brann seg i tet, og dei blåkledde Vålerenga jobba resten av omgangen med å utjamne, utan hell. I andre omgang skåra Brann fire mål og sikra seg sigeren. Kampen enda fem to.

GOD STEMNING: Sjølv om tribuna ikkje var fullsett, var tilskodarane både engasjerte og ved godt humør. Brann fekk både sang og ståande applaus då dei vann finalen i klassen Veteran.

 

Slik vart resultata etter endt Veterancup:

  • Veteran Girls: Kaupanger tapte 1-3 mot Follese, som stakk av med sigeren
  • Old Girls: Kaupanger vann 3-1 mot Sandviken
  • Old Boys: Årdal FK vann 6-4 mot Sogndal IL
  • Super Veteran: Jens Egil FK Haugesund vann 5-2 mot Brann
  • Veteran: Brann vann 5-2 mot Vålerenga
Til toppen