SOL: Mange ynskjer seg sol i påsken. Også i folketrua har påskevêret vore viktig. Foto: Espen Bratlie / Samfoto / NTB scanpix
 SOL: Mange ynskjer seg sol i påsken. Også i folketrua har påskevêret vore viktig. Foto: Espen Bratlie / Samfoto / NTB scanpix

Høgtid for folketru

Vil du følgja gamle påskeskikkar? Då skal du putta stein i skoa, nyta soloppgangen frå ein fjelltopp og fri til kjærasten.

  • Endret

Like sikkert som at påsken kjem, stiller ein spørsmålet: Korleis blir vêret? Når skituren skal planleggjast, vil me gjerne ha sol i sikte. Men også i folketrua har påskevêret hatt stor innverknad.

Artikkelen held fram under biletet

KVIST: Før reformasjonen fekk folk med seg vigsla kvister heim frå kyrkja palmesøndag.
KVIST: Før reformasjonen fekk folk med seg vigsla kvister heim frå kyrkja palmesøndag.

Ein solrik palmesøndag var eit teikn på tidleg vår, og at det ville bli ein god vekstsesong. Regna det denne dagen, kom det til å bli eit dårleg år og ein regnfull sommar. I påsken kom vêrteikna på rad og rekkje – i eit utal lokale variantar.

HEKS: Ei ufarleg påskeheks leikar seg ute. Dei «ekte» påskeheksene var langt skumlare.
HEKS: Ei ufarleg påskeheks leikar seg ute. Dei «ekte» påskeheksene var langt skumlare.

Stor høgtid

Alle dei store høgtidene har vore viktige periodar for folketru. Men det er ekstra mange skikkar og førestillingar rundt påsken. Påsken er den eldste og største kristne høgtida, og i Noreg har han vore feira i godt over 1.000 år.

– Men ein del av det som vart sagt frå preikestolane, var vanskeleg å forstå for folk flest. Mykje folketru oppstod som misforståingar og feiltolkingar, seier Ørnulf Hodne, kulturhistorikar og gjesteforskar ved Universitetet i Oslo.

– Det handlar også om at folk tolka ting på sin eigen måte. Dei skapte sine eigne skikkar – som ei utviding av den kristne feiringa, held Hodne fram. Han har skrive fleire bøker om folketru.

I tillegg var timinga viktig. Påskehøgtida fall saman med våren og starten på ein ny vekstsesong, noko som er blitt markert i ulike kulturar til alle tider. Til dømes vart dei oldnordiske vårofferfestane haldne i midten av april, for å kalla på gudane sin godvilje. Førkristne og kristne skikkar har blanda seg og forsterka kvarandre.
Folketrua blomstra aller mest på palmesøndag, langfredag og første påskedag, fortel Hodne.

Artikkelen held fram under biletet

DÅP: Om husdyra vart døypte skjærtorsdag, skulle det gi vern mot vonde krefter.
DÅP: Om husdyra vart døypte skjærtorsdag, skulle det gi vern mot vonde krefter.

Viktige dagar

I nordiske kyrkjer vart det tidleg vigsla kvistar som allmugen kunne ta med seg heim palmesøndag. Kvistane symboliserte glede og oppstode, og var ei erstatning for palmar – som det jo var lite av i vår del av verda. Folk brukte kvistane som dekor, men meinte også at dei verna heimen, dyra og avlingane. Kraft i kvistar var nemleg godt forankra i førkristen tid, då såkalla livskvistar vart brukte i fruktbarheitsmagien, fortel Hodne i boka «Norsk folketro».

Artikkelen held fram under biletet

EKTESKAP: Påsken var høgsesong for frieri. Ein får tru dei vart følgde opp av bryllaup.
EKTESKAP: Påsken var høgsesong for frieri. Ein får tru dei vart følgde opp av bryllaup.

Langfredag var stemninga ein ganske annan. Det var sørgjedag, og han skulle levast slik. Folk fasta eller åt dårleg mat, og det vart halde endelause husandakter. Nokon pinte seg sjølv – som å gå med småstein i skorne. Trass i at det eigentleg var arbeidsforbod, jobba mange bønder ekstra hardt denne dagen. Også dette som ei form for sjølvpining.

– Ein skulle kjenna Jesu liding og smerte, og fann samhald i dette, seier Hodne.
Men kva med festdagen første påskedag, den gladaste dagen i kyrkjeåret? I folketrua var det spesielt mange skikkar knytt til påskemorgon. Å sjå soloppgangen frå ein fjelltopp var kanskje den viktigaste.

Artikkelen held fram under biletet

SMÅSTEIN: Langfredag var det viktig å ta del i smerta som Jesus måtte ha kjent denne dagen. Nokon putta småstein i skorne.
SMÅSTEIN: Langfredag var det viktig å ta del i smerta som Jesus måtte ha kjent denne dagen. Nokon putta småstein i skorne.

– Å helsa sola velkommen var ein førkristen skikk. Men det vart også ei symbolsk handling for å feira oppstoda. Folk bygde vidare på det dei hadde høyrt og lært. Denne skikken eksisterer framleis mange stader, seier Hodne.

Påskehekser

Tilveksten av skikkar sprang ofte ut av djup religiøsitet, men gjekk likevel langt utover det kyrkja oppmuntra til og ynskja.

FORSKAR: Ørnulf Hodne er kulturhistorikar og gjesteforskar ved Universitetet i Oslo (UiO). Han har skrive fleire bøker om folketru.
FORSKAR: Ørnulf Hodne er kulturhistorikar og gjesteforskar ved Universitetet i Oslo (UiO). Han har skrive fleire bøker om folketru.

– Høgtidene trekte til seg folkelege førestillingar. Når ein døypte nyfødde husdyr skjærtorsdag, hang det saman med at ein meinte krafta i ulike ritual vart forsterka av dei heilage heilagdagane, seier Hodne.

Dåpen skulle verna husdyra mot vonde vesen, noko som var ekstra nyttig i påsken. Det heitte seg at hekser og trollkjerringar var spesielt aktive skjærtorsdag og påskeaftan, då Jesus framleis låg i grava.

– Høgtida skjerpa motsetnaden mellom godt og vondt, seier Hodne.

Det er veldig omdiskutert korleis ein skal tolka heksemagien i folketrua. Men nokon hevdar at førestillinga om hekser som for til vers på ein sopelime, kan oppfattast som ein slags blasfemisk himmelfart.

Visste du forresten at påsken var tida for å gå på friarferd?

– Det kjem nok først og fremst av at folk hadde ledig tid. Ein hadde tid til å fri, seier Hodne.

(©NPK)
 

Til toppen