PROMILLEMÅLAR: Eit slikt apparat bør ein ikkje frykta – ein skal vera sikker på å blåsa grønt når ein set seg i bilen, oppmodar politiet. Illustrasjonsfoto: Ole Ramshus Sælthun
PROMILLEMÅLAR: Eit slikt apparat bør ein ikkje frykta – ein skal vera sikker på å blåsa grønt når ein set seg i bilen, oppmodar politiet. Illustrasjonsfoto: Ole Ramshus Sælthun

Høgtid for lågpromille

Om sommaren "bommar" mange på når dei bør setja seg i bilen "dagen derpå". Berre på to døgn har politiet i Årdal og Lærdal hatt fire bilførarar med lågpromille.

Årdal/Lærdal: – Er du usikker, så er du ikkje usikker, seier politibetjent Petter Hagen på Årdal lensmannskontor.

I samband med to promillekontroller i Årdal og Lærdal tysdag og onsdag denne veka har tre bilførarar blese til såkalla lågpromille. Det vil seia under 0,4 i promille. I tillegg har politiet eit anna tilfelle av dette utom dei to kontrollane.

– Det er alltid nokon som bommar litt "dagen derpå". Ein bør utsetja å køyra - ikkje vera i den minste tvil, oppmodar lensmann Magne Knudsen.

Reaksjon avhenger av køyretid

Blir ein teken med mellom 0,2 og 0,4 i promille blir ein anmeld og kan venta seg ei kraftig bot, men ein mistar ikkje førarkortet. Viser promillemålaren under 0,2 får ein i utgangspunktet ingen reaksjon, men må lata bilen stå til ein bles 0,00. Likevel kan ein risikera både bot og tap av førarkort også då, forklarar Knudsen:

– Først vil me finna ut om promillen er stigande eller synkande. Er den stigande får jo ikkje vedkomande køyra meir, sjølvsagt. Er den synkande vil me finna ut kor lenge sjåføren har vore på vegen og gjera ei utrekning basert på det.

Dersom vedkomande har køyrd eit stykkje, vil ikkje han eller ho kunne venta til promillemålaren viser 0,00 og ta bilen fatt att:

– For ikkje så veldig lenge sidan stoppa me ein bilførar i Lærdal som bles til under 0,2, men det viste seg han hadde køyrd i fem timar. Han måtte ta bussen heim, for å seia det slik, held Knudsen fram.

Bør uansett visa varsemd "dagen derpå"

I det heile oppmodar Hagen folk til å tenkja seg svært nøye om før dei set seg i bilen dagen etter nokre alkoholeiningar.

– Ein bør kjenna på formen. Mange blir så fyllesjuke og prega at dei ikkje har noko i trafikken å gjera, sjølv om dei skulle blåsa grønt i ein kontroll.

Til toppen