FORSTÅELSE: Høgtlesing stimulerar til språkutvikling og forståelse for borna. Her sit dei i lesegruppe på Årdalsenteret i anledning Barnehagedagen 2016. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
FORSTÅELSE: Høgtlesing stimulerar til språkutvikling og forståelse for borna. Her sit dei i lesegruppe på Årdalsenteret i anledning Barnehagedagen 2016. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Høgtlesing viktig for språkstimulering

Ei barnebok kan brukast på mange måtar, der lesing er berre eitt av momenta for å utvikla språk og fantasi.

ILLUSTRASJONAR: Anne Britt Skarsbø syner fram ei av bøkene dei brukar til høgtlesing. Denne boka har bilete vendt ut mot borna medan den vaksne les.
ILLUSTRASJONAR: Anne Britt Skarsbø syner fram ei av bøkene dei brukar til høgtlesing. Denne boka har bilete vendt ut mot borna medan den vaksne les.

Årdal: Då nokre av barnehagane i Øvre Årdal besøkte Årdalsenteret tirsdag føremiddag, var det for å markera den årlege Barnehagedagen der det i år er fokus på høgtlesing.

– Å lesa for borna bidrar til språkstimulering, fortel Anne Britt Skarsbø i Farnes barnehage.

Fleire moment

Barnehagane landet over fokuserar på dialogisk lesing, som er ein form for høgtlesing der borna blir involvert i mange prosessar. 

Skarsbø fortel at lesing i barnehagen dreier seg om mykje meir enn berre å lesa gjennom ei bok, og oppmodar foreldre til å gjere litt meir ut av lesestunden heime også.

– Me fokuserar på å lesa teksten ord for ord, og borna er med i lesingen på forskjellige måtar, fortel Skarsbø.

Lesestunden kan byrja med at den vaksne les ei bok utan bilete, for deretter å gi borna teikneark og fargeblyantar. Då skal borna bruke fantasien og teikne noko frå det dei har lest.

Artikkelen held fram under biletet.

PÅ BADELAND: Bukkene Bruse på badeland er ein favoritt hjå mange av borna.
PÅ BADELAND: Bukkene Bruse på badeland er ein favoritt hjå mange av borna.

Ein kan også bruke bøker med bilete, og få borna til å lage hovudfiguren i leire etterpå. Alt dette er for å skape ein dialog rundt boka og innhaldet i ho. 

Andre moment i dialogisk lesing er å plukke ut nøkkelord som borna er med på å forklare, samtalar om alt i frå korleis boka er laga til kven forfattaren er, og til sist er borna med å gjenfortel kva boka dreier seg om.

Bukkene Bruse og prinsesser

At barnehagane fokuserar på dialogisk lesing, kom tydeleg fram då Porten.no tok seg ein prat med Astrid og Hermine.

– Eg likar å lese om Bukkene Bruse på badeland. Der er det ein kanin som drar trollet i halen!, fortel Astrid levande. 

Hermine tykkjer prinsessebøker er best, og likar å sjå på dei fine bileta i bøkene. 

LESING ER GØY: Astrid (t.v.) og Hermine er begge glade i å bli lest for, og tykkjer det er stas å vera på Årdalsenteret tirsdag føremiddag.
LESING ER GØY: Astrid (t.v.) og Hermine er begge glade i å bli lest for, og tykkjer det er stas å vera på Årdalsenteret tirsdag føremiddag.

For anledningen Barnehagedagen 2016 har barnehagane i Øvre Årdal tatt med seg bøker og hengt opp plakatar på Årdalsenteret som illustrerar korleis dei og borna jobbar med høgtlesing. 

På ein av plakatane har Farnes barnehage synt fram kva dei har gjort med boka "Frosk og snømannen" av Max Velthuus. Borna har både teikna, laga figurar av papp og leire, samt laga snømann for å illustrera innhaldet. I tillegg har dei snakka om den nederlandske forfattaren og om korleis boka er laga. 

DIALOGISK LESING: Farnes barnehage har laga plakat for å syne fram korleis dei har jobba med boka "Frosk og snømannen".
DIALOGISK LESING: Farnes barnehage har laga plakat for å syne fram korleis dei har jobba med boka "Frosk og snømannen".
Til toppen