GODT TILBOD: Pasientar Bent Høie (H) snakka med då han besøkte Lærdal sjukehus onsdag fortalte om eit godt tilbod. Høie seier etter besøket at han ser ingen grunn til at Lærdal sjukehus ikkje skal bestå. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
GODT TILBOD: Pasientar Bent Høie (H) snakka med då han besøkte Lærdal sjukehus onsdag fortalte om eit godt tilbod. Høie seier etter besøket at han ser ingen grunn til at Lærdal sjukehus ikkje skal bestå. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Høie: – Ingen grunn til at Lærdal sjukehus ikkje skal bestå

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) seier han blir overraska når han høyrer folk snakka ned sjukehus som det i Lærdal.

Lærdal: Då ministeren besøkte Lærdal sjukehus onsdag, var det for å få eit innblikk i korleis sjukehuset har akuttberedskap utan akuttkirurgi.

I haust skal Høie leggja fram ein ny helse- og sjukehusplan som skal peika i kva retning sjukehusa skal driva i framtida. Lenge har ministeren snakka om at sjukehusa burde ha eit pasientgrunnlag på 60.000 til 80.000. I så fall er halvparten av landets sjukehus for små.

Meiner sjukehuset vil bestå

I Lærdal ligg dette grunnlaget på 25.000 i området fortalte Kåre Mentz Lysne, som er lokal beredskapsleiar på sjukehuset i Lærdal, under besøket. Høie blei vist rundt på sjukehuset, fekk treffe pasientar og fekk informasjon han tydelegvis likte.

– Eg blir veldig overraska når eg høyrer folk snakka ned denne typen sjukehus fordi eg meiner dette er ein del av framtida, seier han til Porten.no.

– Det er ingen grunn til at sjukehuset i Lærdal ikkje skal bestå. Eg håpar at med den planen der me legg opp kriteria skal roa ned uroen som har vore med stadige diskusjonar og kampar. Ingen av dei modellane me har diskutert vil utfordra Lærdal sjukehus slik det er i dag.

God modell for Lærdal sjukehus

Kåre Mentz Lysne fortel at for sju år sidan, då akuttkirurgien vart fjerna i Lærdal, bidrog det til at sjukehuset klarte å fungera sjølv om det dekker eit lite område. Han presierer at planane til Høie er komne endå, men kan seia følgjande:

– Skal me driva akuttkirurgi, har me for lite pasientar. For dei minste sjukehusa er dette ein god modell slik me ser det i Lærdal. Eg kjenner ikkje til forholda andre stader, men for oss var det einaste løysing for å ha eit levedyktig sjukehus, seier han. 

Artikkelen held fram under biletet.

GOD MODELL: Kåre Mentz Lysne informerte Bent Høie om kva sjukehuset tilbyr. Han meiner måten sjukehuset blir drifta i dag er ein god modell.
GOD MODELL: Kåre Mentz Lysne informerte Bent Høie om kva sjukehuset tilbyr. Han meiner måten sjukehuset blir drifta i dag er ein god modell.

Han legg til at det er eit poeng at sjukehuset har anestesilege, som er viktig i beredskap og med tryggleiken rundt. 

Lot seg imponere

Høie på si side fortalte at han var imponert over det han såg, og meldingane frå pasientane han møtte var alle dei same: Dette er eit godt sjukehus med gode tilbod.

– Dette er ein måte å sikra eit lokalt sjukehustilbod på som eg har veldig sansen for. Eg meiner Sogn og Fjordane har funne ein modell som er veldig interessant fordi ein klarar å kombinere ein desentralisert sjukehusstruktur, men samstundes sikra kvaliteten på dei tenestene ein har, og ikkje minst jobba i nettverk med dei mindre sjukehusa, sentralsjukehuset i Førde og opp mot Haukeland. 

Artikkelen held fram under biletet.

FEKK HELSE: To gonger måtte Høie ta denne pasienten i handa. Ho syntest det var stas å få treffe ministeren.
FEKK HELSE: To gonger måtte Høie ta denne pasienten i handa. Ho syntest det var stas å få treffe ministeren.

– Eg ser ikkje dei store utfordringane her i fylket. Eg meiner ein skal byggja vidare på det ein har. Den tenkinga som står til grunn her, vil stå seg i framtida også. 

Seinast tidlegare denne veka viste nære tilbod sin verdi då ein buss byrja å brenne i Gudvangatunnelen. Redningsetatane kom raskt til staden, og dei skadde hadde kort veg til sjukehus. 

God økonomi og fagleg nivå

Lysne fortel at Helse Førde no jobbar med ein utviklingsplan som skal ut på høyring, der alt tilseier at Lærdal vil bestå dei neste 20-30 åra. 

– Det trur eg er fordi me har funne ein modell som gjer at me kan driva økonomisk og med eit høgt fagleg nivå, seier han og legg til at det var urealistisk med eit fullverdig akuttsjukehus i Lærdal.

– Me var for små. Helse Førde var i ein økonomisk situasjon som sa at ein ikkje kunne driva med alt. Ein måtte anten leggja alt ned eller finna andre måtar. Me fann ein annan måte. Det var ein brokete prosess, men mitt inntrykk er at det er framtidsretta.

Til toppen