KRITISK: Hilmar Høl (Ap) stilte kritiske spørsmål til fleire av framlegga som Senterpartiet, Venstre, Høgre og Miljøpartiet Dei Grøne kom med. 
KRITISK: Hilmar Høl (Ap) stilte kritiske spørsmål til fleire av framlegga som Senterpartiet, Venstre, Høgre og Miljøpartiet Dei Grøne kom med. 

Høl (Ap) kritisk til framlegga koalisjonen kom med​

Utsleppsfrie tenestebilar og utvida kjeldesortering. Det er berre to av elleve punkt som Høgre, Venstre, Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne banka gjennom i budsjettdebatten. Hilmar Høl (Ap) er kritisk. 

Årdal: Dei fire partia hadde snakka saman før møtet og kom med eit felles framlegg med elleve punkt som tok føre seg fleire delar av kommunen. 

Hilmar Høl (Ap) tok føre seg punkt etter punkt på talarstolen og fulgte opp med kritiske spørsmål. 

– Her er alt mellom himmel og jord og ingen dekning på det. Det skal bli spennande å sjå kva retning dei dreg politikken no, om det er næringsretta, om det er rein miljøpolitikk eller om det er alt mogleg. For forvaltninga på det dei har foreslått her i dag, finst det ikkje dekning på i budsjettet, utdjupar Høl til Porten.no.

– Det trengs prosjektering på seks av forslaga deira. Då overlet dei alt til administrasjonen, og det vil seie at du knyt opp ein heil masse ressursar utan dekning i budsjettet, legg han til. 

Kostar meir enn det ser ut til

Mellom anna vil den nye koalisjonen at ved kjøp eller leasing av nye bilar i heimetenesta skal det i framtida setjast eit krav om at desse skal vere utsleppsfrie. Dei ber også administrasjonen gjere greie for føresetnad for korleis ein kan utvida kjeldesorteringa, samt at administrasjonen skal synleggjera innsparinga som skulle vere på 900.000 kroner ved å samlokalisere helsetenestene.

Sjå heile lista over framlegg nedst i artikkelen.

– De legg opp til seks utgreiingar på eit ark her. Trur de at dei er gratis? Trur de det? Er det nokon av dykk som har rekna på kor mange ladestasjonar og ladepunkt me treng? Det er budsjettet me handsamar, og då må de tole å bli stilt ansvarlege for dette også, var hans klare beskjed frå talarstolen.

– Det er ikkje mykje her som har med budsjett 2017 å gjere, så pass på kvar det adresserer ting, om det høyrer heime i eit budsjett eller ein økonomiplan. Det er vesentleg for å bli teken seriøst, la han til og måtte innrømme at «dette er litt moro og då».

Sandra Opheim (MDG) på si side forsikrar Ap om at dei har jobba med desse punkta lenge.

– Me har mellom anna eit klimafond me kan bruke til ladestasjonane. Det er noko me vil prioritere, og det viser me her. At rådmannen kan handtere desse forslaga, har eg tiltru til, sa ho. 

NY RETNING: Erling Offerdal (Sp) seier koalisjonen har vist ei ny retning i politikken med sine framlegg.
NY RETNING: Erling Offerdal (Sp) seier koalisjonen har vist ei ny retning i politikken med sine framlegg.

– Har dekning på framlegga

Erling Offerdal (Sp) vil ikkje vere med på at det ikkje finst dekning for forslaga deira. Han meiner tvert imot at framlegga deira er rimelegare enn Ap sine, som vil finansiere pengebruken sin med å ta frå disposisjonsfondet, noko rådmann har åtvara mot. Dette var også grunnen til at dei røysta ned forslaga Ap kom med. 

– Me har vist ei ny retning i budsjettet. Det er det viktigaste. Framlegga har lite påverknad på budsjettet. Då har det Ap har lagt fram mykje større påverknad. Det vil vere eit større inngrep, seier Offerdal til Porten.no.

– Har de rekna på kor mykje framlegga vil koste?

– Me har berre bede om ei utgreiing av desse tinga. Når det kjem på bordet, så skal me ta stilling til det då, seier Knut Arne Klingenberg (H).

Kurt Jevnaker (V) utdjupar. 

– Det kjem eit revidert budsjett der me kan ta grundigare stilling til dei økonomiske sidene ved forslaga. Viss ein alltid skal vente med å kome i gang med ei positiv retning, kjem ein aldri i gang, seier han.

Sa ja til to punkt

Med unntak av to punkt, røysta Arbeidarpartiet mot forslaga til koalisjonen, men sidan dei mangla fleirtalet for første gang på fleire tiår, gjekk forslaga gjennom. Det Ap sa seg villig til å vere med på det som gjaldt betre trafikktryggleik rundt skulane og ny politisk organisering.

– Me var med på desse punkta, og dei veit me kostar pengar. Mange av forslaga vil forrykke administrasjonen sitt arbeid for oss, og det ligg ikkje med fem flate øre for det, seier Høl.

I motsett leir, kom Ap med dei same framlegga som i tysdagens formannskapsmøte. Ap ønskte å gi meir pengar til kyrkja og Farnes skule, ta opp eit lån til å fikse skuleplassen på Farnes skule, doble løyvinga til IKT-utstyr til skulane i 2017, sette av pengar til ein aktivitør i omsorgen, samt gå mot forslaget frå rådmann om å innføre sesongkort i bassenga.

Her er framlegga til Senterpartiet, Venstre, Høgre og MDG

1. Ved kjøp/leasing av nye bilar i heimetenesta skal det setjast som krav at køyretøyet skal vere utsleppsfritt. Ved kjøp av andre køyrety i kommune skal utslepp vere ein del av konkurransekriteria.

2. Overføring kyrkjeleg fellesråd vert auka med 100 000. Løyvinga føreset at fellesrådet krev inn dei inntekter som kommunen gjev høve til gjennom prislista.

3. Det vert oppretta ei 50% stilling som musikkterapaut, knytt til området helse og omsorg, samt bu og miljøtenesta. Kostnad inntil 150.000,- med sikte på ansettelse i august 2017. 

4. Investeringsprosjekt «Offeranodar på kai» vert ikkje starta opp før skaffa finansiering på resterande oppgraderingsprosjekt av kaiareal på Årdalstangen er på plass. Dersom tungtvegande årsaker som tryggleik og fare for stor varig skade på kai gjer det naudsynt å gjennomføre prosjektet uavhengig av andre planar, skal dette drøftast med formannskapet før ein igangset prosjektet.

5. Kommunestyret ber om at administrasjonen legg fram ei sak om ny politisk organisering og vurdering av oppretting av utval innan utgangen av 2017.

6. Kommunestyret ber administrasjonen greie ut føresetnader for, og korleis utvida kjeldesortering praktisk kan gjennomførast, og leggje fram ei sak til kommunestyret i løpet av våren 2017 med ei vurdering også av økonomiske konsekvensar og kostnader.

7. Kommunestyret ber administrasjonen vurdere korleis tilhøva rundt skulane kan betrast med omsyn til borna sin trafikktryggleik.

8. Kommunestyret ber administrasjonen synleggjere innsparing på kroner 900 000 på rammeområde helse som vart lova ved samlokalisering av helsehus i forbindelse med revidert budsjett.

9. Posten fyringsolje på side 18 i utleggingsdokumentet vert redusert med kroner 100 000. Kommunestyret ber administrasjon legge fram ei sak om utfasing av oljefyranlegg i Årdal kommue.

10. Årdal Utvikling: Føreset at opprinnlig plan om vurdering av organisering av Årdal Utvikling, som ein del av tung rullering an strategisk næringsplan. 

Dette skal fullt innarbeidast i handlingsplan fpr 2018. 

11. Posten Personalstab og fellesutgifter – kursutgifter, vert redusert med 100.000,- 

Her er framlegga til Arbeidarpartiet

1. Låneopptak for investering aukast med 500 000,-. Midlane skal nyttast til forskottering investering. Skuleplassen ved Farnes skule.

2. Overføring til kyrkjeleg fellesråd aukast frå 4 millionar til 4,3 millionar. Auken på kr 300 000,- hentast frå disposisjonsfondet.

3. Ramma til omsorg vert auka med kr 300 000,-. Auken skal nyttast til oppretting av ny stilling som aktivitør i løpet av 2017. Auken på kr 300 000,- hentast frå dispensasjonsfondet.

4. IKT satsing i skulen vert auka frå 1,5 millionar til 3 millionar. Låneramma vert auka tilsvarande.

5. Ramma til Farnes skule vert auke med kr. 700 000,-. Midlane vert henta frå disposisjonsfondet.

6. Ny forslag prisliste, med innføring av sesongkort i friluftsbadet og Årdalshallen vert lagt vekk. Prisliste klippekort vert gjeldande.

Til toppen