DISTRIKTSPOLITIKK: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Hilmar Høl, understreka viktigheiten av god distriktispolitikk på landsmøtet til partiet torsdag. Foto: Flickr/Arbeidarpartiet.

Høl (Ap) på landsmøtet: – Må demme opp for høgresida si sentralisering​

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Hilmar Høl, understreka viktigheiten av god distriktispolitikk på landsmøtet til partiet torsdag.

Oslo/Årdal: Landsmøtet til Arbeidarpartiet vart opna torsdag, og i ettermiddag var det fylkesleiaren og årdølen sin tur på talarstolen. Her minna han partifellene sine om at god byutvikling er avhengig av livskraftige distrikt.

– Me må halde ein fin balanse i forholdet byutvikling og distriktsutvikling. Me må ikkje gløyma byane si utfordring med den veksten dei opplever, men me må heller ikkje gløyma livskrafta i distrikta og verdiskapinga og veksten som våre naturgjevne fortrinn gjev oss, sa han i talen sin.

– Skal me få vekst i kommunar og regionar må me trygge eksisterande og utvikle nye arbeidsplassar i takt med det grøne skiftet. 

Må stimulere omstillingsvilje

Høl synte til at til skilnad frå mange andre land i Europa finst det framleis mykje industrikultur, -anlegg og -kompetanse i Noreg, og at Vestlandet på nytt må rustast for å bli attraktive for industrietablering. 

– Ein må stimulere omstillingsvilja som bedriftene i dag viser, og nytta kompetansen til å utvikle ny industri basert på ny teknologi med lågast mogelege karbonavtrykk. 

– Dette gjev lokal og regional verdiskapning. Dette er viktig for Vestlandet, og det er viktig for Noreg. Her har FRP/Høgre regjeringa vore totalt handlingslamma, heldt han fram.

Jamnare fordeling av arbeidsplassar

Fylkesleiaren meiner også at det må formast ei jamn fordeling av offentlege arbeidsplassar som kan bidra til at fleire vel å flytta ut i distriktet og bli verande der. 

– Me i Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner det må vere ein hovudregel at nyetablering av statleg verksemd skjer utanfor dei store byane, og at ein legg nye forvaltningsoppgåver til eksisterande fagmiljø som allereie er plassert i distrikta.

– Alle skal med er vårt slagord, der by og land går hand i hand. Difor må me demme opp for høgresida si sentralisering og snu det negative ordspråket om «overføring til distrikta». 

Landsmøtet finn stad i Folkets Hus i Oslo denne helga. Sogn og Fjordane har elleve utsendingar, der fleire av desse er frå Indre Sogn. I tillegg til Høl er Jon Håkon Odd frå Leikanger, Gerd Signe Grinde Håre frå Sogndal og Henrik Thorsnes Lefdal og Elin Hauge frå Luster tilstades.

Til toppen