BERGING: Fylkesveg 50 er stengt etter at ein bil køyrde i grøfta. No pågår oppryddingsarbeid medan vegen er stengt. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.
BERGING: Fylkesveg 50 er stengt etter at ein bil køyrde i grøfta. No pågår oppryddingsarbeid medan vegen er stengt. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.

Hol-Aurland er opna att

Men det kan verte innført kolonnekøyring på kort varsel.

Aurland: Årsaka til stenginga var at eit større køyretøy hamna i grøfta i natt. I morgontimane torsdag har det pågått oppryddingsarbeid som no er avslutta.

Ifølgje vegtrafikksentralen er vegen opna att, men dei skriv at det kan verte innført kolonnekøyring på kort varsel.

Elles er det snøbyger i fjellet og redusert sikt for dei som skal over. På Hemsedalsfjellet melder Vegvesenet at det kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel.

For ferdande på fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen er det greitt å vite at det vert manuell dirigering på Loi torsdag.

Her pågår det vedlikehaldsarbeid mellom 09.00 og 15.00. 

Til toppen