Årdal: – Eg har ikkje tiltru til at olje- og energidepartementet styrt av ein statsråd frå Frp varetek Årdal sine interesser i dette, sa Aleksander Øren Heen frå talarstolen.
Då Norsk Hydro i 1976 fekk den førre konsesjonen til å henta ut all krafta frå Fortun-Grandfastavassdraget for førti år frametter, var det på eit vilkår: All krafta som dei henta ut måtte gå til å forsyna industrien lokalt, i Årdal.
Den gamle konsesjonen er no på overtid, og Hydro har sendt inn ny søknad om å langtidskonsesjon. Norges Vasskrafts- og Energidirektorat (NVE) har sagt at dei ikkje ynskjer å leggja nokre bindingar på Hydro denne gongen, slik dei gjorde for førti år sidan.
Soleis kan industrien i Årdal i verste fall mista tilgang til denne energien i framtida. Men det ynskjer altso både Heen og Høl å stogga.
Etter planen skal Hydro få innvilga den nye konsesjonen i januar. Får NVE det som dei ynskjer, vil Hydro i framtida stå fritt til å senda all straumen frå Luster-vassdraga i kabel heilt til verket i Karmøy, til dømes.
Men dette lyt i so fall godkjennast av olje- og energidepartementet, som er styrt av osingen Terje Søviknes (FrP).
– Me lyt få eit fleirtal i Stortinget
Heen fortalde òg frå talarstolen at han har varsla stortingsgruppa til Sp, og at moderpartiet kjem til å ta denne saka opp i tinget.

– Og eg oppmodar ordføraren vår om å ha tett kontakt med dei som styrer i Luster, sa Heen.
Ein eventuell konsesjon som vert tildelt Hydro over nyåret vil måtte ha kommunestyret i Luster sitt samtykke.
– Fryktar du at olje- og energidepartementet tek ei avgjerd utan at det går gjennom ein politisk prosess?
– Dette er noko som olje- og energidepartementet (OED) har fullmakter til å gjera. Men om departementet fjernar kravet om at krafta skal brukast i Årdal, so vil me ta saka til Stortinget. Me lyt då få eit fleirtal i Stortinget til til å få snudd det vedtaket som regjeringa gjer, seier Heen til Porten.no
Han understrekar at dette er ei alvorleg sak. Han viser til at bindinga til lokalindustrien som har lege i den førre konsesjonen har vore eit av fortrinna som både Norsun-verket og aluminiumsverket til Hydro i Årdal har levd godt av.
– Å fjerna den straumen vekk frå Årdal vil ikkje vera bra, seier Heen.
Hilmar Høl (Ap) til kamp mot spøkjelse
– Dette er ei av dei viktigaste sakene me diskuterer her i dag, sa Høl frå talarstolen, trass i at det var flust i viktige saker på dette kommunestyremøtet, der både eit veldig trongt og vanskeleg budsjett skulle i hamn og ein økonomisk langtidsplan skulle vedtakast.
Høl meiner saka kan ha svært mykje å seia for Årdal som industrisamfunn.

– Me veit at NVE ikkje lenger vil leggja bindingar på krafta. Då er det noko som rører seg og det byrjar å verta verkeleg skummelt. Hydro må ha gått nokre ærend i dei gangane der (hjå NVE) som me ikkje veit om. Dei ynskjer kanskje å verta kvitt dei pålegga om at all krafta skal nyttast i Årdal, seier Høl til Porten.no.
Han skulle likt å sjå inn i glaskula til Hydro og visst kva dei tenkjer om framtida til verket i Årdal.
– Hydro brukar å få det som dei vil.
Høl understrekar at ein ikkje veit kva Hydro har bede om i den nye konsesjonen for vassdraga i Luster.
Det som er sikkert, er at det er fullt mogleg å senda straumen frå lustervassdraga med nymotens straumliner til verk lenger unna, som til dømes Karmøy eller Husnes.
– Det er nokre spøkjelse her eg skulle likt å få tak i, det må eg seia. No er det høyring, og me veit ingenting.
Hilmar Høl, som Aleksander Øren Heen, understrekar at denne saka må takast opp i Stortinget dersom Hydro får konsesjon til å gjera som dei lystar med krafta dei utvinn frå Fortun-Grandfastavassdraga i Luster.