FEIL INNTRYKK: Hilmar Høl (Ap) meiner folk har feil inntrykk av kvifor Årdal kom på Robek-lista og understrekar at det ikkje er politisk vanstyre som er årsaka. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
FEIL INNTRYKK: Hilmar Høl (Ap) meiner folk har feil inntrykk av kvifor Årdal kom på Robek-lista og understrekar at det ikkje er politisk vanstyre som er årsaka. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Høl: – Difor kom Årdal på Robek-lista

– Når du gjentek deg sjølv ofte nok om vanstyre, byrjar folk å tru på det. 

Årdal: Hilmar Høl (Ap) meiner folk har eit feil inntrykk av kvifor Årdal kommune kom på Robek-lista.

Ap-politikaren seier han er lei av å høyra at årsaka til at kommunen er på Robek-lista er på grunn av eit vanstyre av det soleklare fleirtalet, Arbeidarpartiet. 

Les også: Dette svarar opposisjonen på utspelet til Høl

– Eg er oppteken av å fortelja folk kva som er realitetane om kvifor Årdal kom på Robek-lista. Når ein opplever vekst i to år, og så kjem finanskrisa, og Årdal er den kommunen i heile Noreg som blir råka verst. Du er ikkje klar for det, seier han.

Underskot

Ap-politikaren har vore med sidan 1999 og fortel at i denne perioden har kommunen vore gjennom ulike reformer som har krevd opprusting av ein del bygningsmasse, spesielt innan skule og helse og omsorg. I seinare tid har også kulturhusa fått seg ei skikkeleg overhaling. 

– Og så kjem me til 2007. Då reiser Å3, men me gjer ein kjempejobb og får erstatning i Dooria. Norsun kjem i 2008. Me får folketalsvekst frå 2007 til 2009. Alt er rosenraudt, og så kjem eit budsjettår der me går inn i revidert budsjett med stipulert overskot på 7 millionar og endar opp med eit underskot på 8 millionar.

– Då byrja verknadene på det eksportretta samfunnet som Årdal er å slå inn. Hydro hadde teke ned 150 arbeidsplassar i 2009 og drog så vidare dette 300-dollarkonseptet som endå fleire måtte gå, forklarar Høl.

– Det sa pang

I 2009 seier det pang, fortel han, og viser då til underskotet på 8 millionar. Han forklarar differansen på snaue 15 millionar med eit overforbruk innan omsorg, men at hovudårsaka ligg i 11 millionar tapte skattekroner.

– Du lagar eit budsjett ut frå det som er normalt, som kjem frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet som seier kor mykje du får i rammetilskot fordi har så og så mykje i skatteinntekter. Hadde me fått stipulert mindre skatteinntekter det året der, ville me fått meir på rammetilskota. Men her kom det motsett, det kom som eit pang, meiner han. 

– Det folk går og trur er at dette er politisk motivert, altså at politikarane har dreve vanstyre i Årdal kommune. Det er ikkje tilfelle. Me var i ei blomstringstid og blir lasta fordi me er ein eksportkommune, som eigentleg blir eit lite Hellas i den store samanheng. 

Sprekk på samfunnshuset

I seinare tid har som nemnt også begge kulturhusa i kommunen blitt pussa opp, og på Årdalstangen sprakk dette prosjektet med fleire millionar, noko som også får sin del av skulda for at kommunen no må spara.

– Eg er jo heilt einig. Det har ikkje vore den bruken ein trudde det skulle bli, men så lenge du får med deg NAV og Indre Sogn Sparebank til å knyta saman to bygg, der dei var inne og tok sin del, så var det lurt å slå saman. 

– I og med at me hadde bestemt at det skulle vera ein ny kino på Årdalstangen, måtte dette bygget ferdigstillast. 

– Når ein ser på denne sprekken og dagens underskot, er det kanskje ikkje rart folk er kritiske?

– Joda, men dei må ikkje sjå dette i samanheng. Det er klart at kvar million bidreg til 100.000 kroner auke på driftsutgifter på grunn av låneopptak og renter. Må du låna 30 millionar, tek du jo òg 3 millionar i drift kvart år, men det er klart det var uheldig og auka jo gjelda til kommunen, svarar han. 

Til toppen