VIL SATSE: AP-politikaren vil ikkje gå med på at trong økonomi skal hindre kommunen i å investere i utbygging av utsynsstruktur i Vettismorki eller gje tilskot til kompetanse- og teknologisenter
VIL SATSE: AP-politikaren vil ikkje gå med på at trong økonomi skal hindre kommunen i å investere i utbygging av utsynsstruktur i Vettismorki eller gje tilskot til kompetanse- og teknologisenter (Bilde: Snorre Sandemose)

Høl meiner investering i reiseliv og teknologipark hastar meir enn oppgradering av bedehus

I år vil Ap-leiaren heller nytta dei tre millionar kronene som er løyvde til bedehuset, på å investera i utvikling av turismen og næringslivet i Årdal.

Årdal: På formannskapsmøtet i Årdal onsdag tok Hilmar Høl til motmæle mot økonomi- og handlingsplanen for 2018-2021 som rådmannen hadde meisla ut. 

– Eg synest næringslivssamskipnaden og reiselivet trefte blink då dei i sine høyringssvar kritiserte planen for å ikkje fremje reiselivet, sa Høl etter å ha bede om ordet på møtet.

Sjølv lova han å streta imot planen i si noverande form:

– Eg lovar å røysta for at midlar skal verta avsette både til å støtta opp under utbyggjinga av utsynspunktet i Vettismorki, og til å gje tilskot til kompetanse- og teknologisenteret Katapulten i Øvre Årdal.

Formannskapet gjekk ikkje gode for planen slik at han var no, og difor skal dei møtast att i desember og drøfta ein ny versjon av planen. I den vil Høl sjå at midlar vert prioriterte til å byggja utsynspunkt ved Vettisfossen og teknologipark. 

14 kritiske høyringssvar

Høl meiner at kommunen i ikkje rik nok mon har samarbeidd med næringslivet.

– Aldri tidlegare har det vore so mange som 14 aktørar som har sendt inn kritiske høyringssvar i samband med utarbeidinga av ein økonomi- og handlingsplan i Årdal, fortel Høl til Porten.no.

Han kritiserer òg den utstipulerte fireårssplanen for å bryta med den fireårsplanen som vart vedteken i fjor. I fjor vart det nemleg slege fast at kommunale midlar skulle verta løyvde til hjelpa utbygginga av utsynspunktet i Vettismorki.

Stram kommuneøkonomi

Rådmannen i Årdal, Olve Fossedal, har førebels ikkje ynskt å kommentere motbøren han møtte på møtet og Høl sine vidare kommentarar til Porten.no.

Innleiingsvis på møtet gjorde Fossedal greie for den vanskelege kommuneøkonomien i Årdal og sa at dei samla driftskostnadene lyt ned med mellom tolv og femten millionar kroner. 

Høl meiner at dei kan hente midlane frå det som er føreslått løyvd til bedehuset. 

– Eg meiner at vi her i Årdal har so mange forsamlingslokale til rådvelde, at det må vere mogleg å leggja løyvinga til heis i bedehuset i Årdalstangen på vent, seier Høl. 

– Utan privat næringsliv stoggar samfunnsutviklinga, seier Høl.

Han legg til at næringslivsaktørane også må vere medvitne sitt ansvar: 

– Dersom kommunen no yter tilskot til utsynspunktet, bør også næringslivet bidra med midlar slik at vi kan få fleire turistar til kommunen. Saman kan vi få til dette lyftet i turisme frå 30 000 turistbesøk per år til 60 000 turistbesøk, avsluttar AP-fylkesleiaren.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 
Til toppen