KOMPENSASJON: Fylkesleiar i Arbeidarpartiet Hilmar Høl er uroa over regjeringa si manglande vilje til å sikre ordninga med CO₂-kompensasjon. Foto: Jostein Vedvik.
KOMPENSASJON: Fylkesleiar i Arbeidarpartiet Hilmar Høl er uroa over regjeringa si manglande vilje til å sikre ordninga med CO₂-kompensasjon. Foto: Jostein Vedvik.

Høl meiner regjeringa sviktar industrien

Hilmar Høl er uroa over regjeringa si manglande vilje til å sikre ordninga med CO₂-kompensasjon.

Årdal: Leiaren i Sogn og Fjordane Arbeidarparti har lang fartstid frå aluminiumsindustrien. Han syner til Hydro i Årdal og Høyanger og Elkem i Bremanger, som er tre bedrifter som vert omfatta av ordninga. 

For desse verka utgjer kompensasjon mange millionar kroner. 

– På grunn av si manglande vilje set regjeringa 11.000 norske industriarbeidsplassar i fare, seier han og meiner klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) konsekvent har unnlete å forplikte regjeringa til å halde frm med CO₂-kompensasjon på dagens nivå.

– Høgre- og Frp-regjeringa vil ikkje garantere for at dei vil jobba for ei like god ordning som på dagens nivå, og det kan gi betydelege konsekvensar for norsk industri og norske arbeidsplassar.

– Verda vil trenge større industriproduksjon

Føremålet med CO₂-ordninga er kompensere industrien for auka elprisar som følgje av EU sitt kvotesystem. Slik vil ein motverke at industrien flyttar til land med mindre streng klimaregulering. 

Sidan 2012 har norsk kraftkrevjande industri fått CO₂-kompensasjon, men dersom denne ordninga skal halde fram etter 2020, må EUs kvotedirektiv og statsstøttereglar vere utforma slik at den norske ordninga kan vidareførast.

– Verda vil trenge ein større industriproduksjon i åra som kjem. Ikkje minst vil verda etterspørre langt meir aluminium og silisium. Då kan me velje å produsere dette i Noreg på fornybar vasskraft eller å flagge ut til til dømes Kina, som fôrar produksjonen sin med kraft frå kol og andre ikkje-fornybare kjelder, seier Høl og legg til: 

– Me må satse på den norske industrien, og då må me også følgje opp med denne ordninga. Det er me i Ap krystallklare på at me vil gjere.

Porten.no har ikkje lykkast å få ein uttale frå Klima- og miljødepartementet, men minister Vidar Helgesen (H) kallar det eit valkamputspel i Sogn Avis.

– Regjeringa set ikkje industriarbeidsplassar i fare, og me har ingen planar om å avvikla CO₂-kompensasjonen. me arbeider tvert om for at det framleis skal vera mogleg etter EU-reglane å ha slike odningar frå 2021 til 2030, seier han.

Til toppen