REAGERER: Hilmar Høl (Ap) reagerer på Senterpartiet sitt utspel i prioriteringa av Seimsdalstunnelen og kallar det ei gåte berre dei forstår. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
REAGERER: Hilmar Høl (Ap) reagerer på Senterpartiet sitt utspel i prioriteringa av Seimsdalstunnelen og kallar det ei gåte berre dei forstår. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Høl reagerer på tunnelutspel frå Sp

Hilmar Høl (Ap) kallar Senterpartiets prioriteringsløft av Seimsdalstunnelen for ei gåte berre dei forstår.

Årdal: Denne veka bestemte fylkestinget seg for å løfte opp Seimsdalstunnelen slik at den får prioritet i investeringsprogrammet for perioden 2018 til 2021.

Det er hakket betre enn administrasjonens forslag, der Seimsdalstunnelen først skulle prioriterast i perioden 2021 til 2024. No er den prioritert i same periode som Blaksettunnelen. Dette var eit fellesforslag frå Senterpartiet, Høgre, Venstre og Framstegspartiet og fekk 22 røyster og fleirtal.

– Eg har jobba i mange år med å få den prioritert inn frå Årdal kommune slik at fylket også skal prioritere tunnelen. Difor er det svært gledeleg å stå her og fremja eit forslag som ivaretek den prioriteringa, sa Aleksander Øren Heen (Sp) frå talarstolen då han fremja forslaget.

Trur Blaksettunnelen blir prioritert

Men Hilmar Høl kallar dette løftet ei gåte berre Senterpartiet forstår. 

– Viss Seimsdalstunnelen hadde fått prioritet åleine, så hadde det ikkje vore spørsmål om kva tunnel som skal takast først. Administrasjonen la inn Blaksettunnelen først i sin prioritert i saka. Det blir ikkje endra no. No blir Blaksettunnelen prioritert fordi dei ikkje evna å støtta Ap sitt forslag, seier han.

– Helsar heim

Arbeidarpartiet ville snu om på rekkefølgja og la fram forslag om at Seimsdalstunnelen skulle inn frå 2018 og Blaksettunnelen i 2021. 

– Aleksander fekk med Seimsdalstunnelen i deira forslag berre for å få helsa heim. Det er realiteten. Det hjelp ikkje å stå på talarstolen i kommunestyret i Årdal og snakka om prioritet nummer éin for Seimsdalstunnelen når ein ikkje vil det når sakene kjem opp til det politiske nivået som gjer vedtaka, nemleg her i fylkestinget, held Ap-politikaren fram.

– Arbeidarpartiet har no ved to høve gjort jobben. Me løfta tunellen frå 11. plass til 7. plass i regional transportplan og lukkast med det. No prøvde me å få den prioritert i 2018-2021, men fekk ikkje støtte. Det beklagar me, slik er politikken, men me har ikkje gitt opp.

– Tullete

Aleksander Øren Heen kallar Høls påstandar for tullete og tilbakeviser det som blir sagt.

– Det blir og er vår jobb som fylkespolitikarar å sjå heile fylket og finna finansiering for prosjekta innanfor tidsestimata som ligg. Blaksettunnelen har eit stort behov, og Vegvesenet seier at dei kan kome til å stengje dersom ikkje noko blir gjort. Det politikken vil ikkje eg føre uansett kor det er i fylket, seier han.

– Kva kjem først av dei to tunnelane når eventuelt arbeid blir sett i gang?

– Det er jo vanskeleg å seia no. Me byggjer ut vegar etter den planen som ligg og ut frå dei midlane me har til rådvelde, så er det hovudutval for samferdsle som har den daglege styringa, medan fylkestinget løyver midlar. Me har prioritert veg og skule og kjem til å halde fram med det.

Til toppen