Årdal/Lærdal: Kommunestyra i Årdal og Lærdal skulle torsdag ta stilling til om dei støttar intensjonsavtalen om samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.
Forhandlingsutval i alle dei tre fylkeskommunane har utarbeidd denne intensjonsavtalen som skal opp til endeleg vedtak i Fylkestinget.
Les også: – Overraska viss fylkestinget går inn for dette
Les også: Går saman med naboane i sør
Då kommunestyret i Årdal torsdag skulle ta stilling til saka vart det krasse ordelag i debatten.
– Meiner kommunestyret me skal godta dette rått og rote?
– Ap har stått her og uttalt mykje om samanslåing. Eg vil stilla deg nokre spørsmål Hilmar, for du er veldig for dette høyrest det ut til. Du meiner alt skal bli så bra. Du nemner ein deg ting, som at me kjem til å behalda kraftressursane og Fjord1. Masse ting er usikkert her. Så meiner AP verkeleg at det vil bli så enkelt å gå inn i denne regionen? spurde Erling Offerdal (Sp).
Han gav seg ikkje med det, og nemnde mellom anna at han trur skulane i utkantstrok og landbruket vil lida.
– Det er Framtida for folket i Sogn og Fjordane det handlar om. Meiner kommunestyret me skal godta dette rått og rote? Då er me på ville vegar, så for all del: støtt opp om Senterpartiet sin uttale her.
Les også: Sogn kan miste 578 arbeidsplassar i samanslåing
Så hadde Offerdal eit siste spørsmål:
– Ønskjer Ap at denne regionreforma skal gå gjennom før neste val så de slepp å ta dei upopulære avgjerslene om de tek over regjeringsmakta? For det er eigentleg høgrepolitikk du framfører her i dag, Hilmar. Eg trudde du ville ta meir vare på utkantane.
– Det største vaset eg nokon gong har høyrt
Hilmar Høl (Ap) var ikkje sein om å gå på talarstolen:
– Det er ein bra jobb forhandlingsutvalet har gjort for Sogn og Fjordane. Eg er ikkje mot regionreforma, eg er ikkje redd kommunereforma heller. Og når det gjeld å samanlikna Ap med å driva høgrepolitikk fordi me vil ha større og kraftigare regionar - det er det største vaset eg nokon gong har høyrt. Det får vera måte på frekkheit.
Han poengterte vidare at Ap også er for større regionar, men at dei skal basera seg på frivilligheit. Vidare at det var med tungt hjarte Ap gjekk inn for at Sogn og Fjordane skal opphøyra som fylke, men:
– Du må ta med deg kva som skjer med Sogn og Fjordane. Og kva som har skjedd. Eg trur ikkje sogn og Fjordane får vera eige fylke slik som du vil. Difor har me ville vera med og påverka at me skal koma positivt ut av intensjonsavtale med Hordaland og Rogaland. Kva er alternativet når det har vore den raseringa av fylket det har vore? Det er fleirtal for reforma på Stortinget, det må me forhalda oss til.
Lærdal sa nei med 9 mot 8 stemmer etter tre gruppemøter
Saka enda også med at at rådmannen si tilråding om å støtta opp om intensjonsavtalen for samanslåing. Ap sine ti representantar stemte for, pluss Høgre sin representant. Senterpartiet, MDG og Venstre stemte mot, så det vart eit 11-10-vedtak.
Ei rekkje premissar vart lagt til grunn, mellom anna at eksisterande fylker ikkje skulle splittast, at administrasjonsspråket skal vera nynorsk og at fylkesmannsembetet skal ha desentralisert forvalting i dagens fylker, med øvste leiing på Leikanger.
I Lærdal var det heller ikkje berre-berre å koma fram til semje om tilsvarande sak. Her tok både Ap og Sp gruppemøter under handsaminga. Det måtte også eit gruppeleiarmøte til.
– Om det skal vera ein sterk uttale bør vedtaket bli einstemming, sa ordførar Jan Geir Solheim (Sp).
Artikkelen held fram under biletet

Slik vart det på ingen måte; Senterpartiet fremja framlegg om ein uttale som ber fylkeskommunen seia nei til samanslåing med fylka i sør. Dei fekk med seg SV på dette, medan Ap, Høgre og Venstre gjekk for ein uttale som seier ja til intensjonsavtalen, då med dei same premissane som Årdal la til grunn i sitt endelege vedtak.
Såleis vart det eit 9-8-vedtak for Sp sitt framlegg, altså seier Lærdal nei til Vestlandsregionen.