Årdal: I dag er det nominasjonsmøte i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Hilmar Høl er nummer to på lista, men har sidan i sommar vore tydeleg på at han ikkje ønskjer strid om førsteplassen.
Den meiner han bør gå til førstekandidat Ingrid Heggø, som allereie har tre periodar bak seg på Stortinget.
– Eg meiner ho er den beste kandidaten me har. Me vil uansett satsa på å få to på tinget og trur vi har ein god sjanse til det. Då vil eg uansett følgje etter. Det er i allefall målet mitt, seier Høl.
Les også: Ho toppar SV-lista til stortingsvalet
Les også: Hilmar Høl på andreplass på Ap-lista
Lustringane ønskjer debatt
Lokallagsleiar Arne Johannessen i Luster Arbeidarparti har til NRK sagt at han på møtet ønskjer ein debatt kring nominasjonsprosessen.
Johannessen meiner det i dag er for liten reell kamp om førsteplassen.
– Heggø har gjort ein god jobb i tre periodar. Men av og til kan det vere godt å stoppe opp og sjå om det er tid for endring og fornying. Ingen har klippekort på topplassen, sa han til statskanalen tidlegare i veka.
Trur ikkje alt er avgjort
Hilmar Høl meiner nominasjonsnemnda har gjort jobben sin, som er å komme fram til ei god liste kandidatar, som har støtte frå dei 26 lokallaga.
– Det er uansett ikkje nominasjonsnemnda som skal skapa den debatten, det er det partilaga som må gjera og den må starta tidleg. Det er for seint å koma med ein debatt i august, september, seier han.
Sjølv om han har vore såpass tydeleg om sitt eige kandidatur, meiner Høl at ikkje all spaning er over.
– Me får sjå, det er alltid nominasjonsmøtet som avgjer og det kan no koma nokre overraskingar, seier han, utan den største overbevisinga i stemma.