DET RETTE GREPET: Jan Ivar Engebretsen i NAF ber folk tenkje over korleis dei plasserer hendene på rattet. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema 

Hold rattet rett

Det er mange måtar å halde eit ratt på. Gjer du det feil, kan det vere direkte farleg og gi store skadar – sjølv i låg fart.

Sjølv om bilrattet er rundt, er det ikkje likegyldig kor du plasserer hendene.

– Sikkerheitsutstyret i ein bil er der for å hjelpe deg, men tar du ikkje omsyn til det, kunne du like gjerne vore utan, seier Jan Ivar Engebretsen, kommunikasjonsrådgivar I NAF.

Dei første bilane med airbag i rattet kom på 1980-talet, og no er det for lengst standard i nye bilar. Airbagen skal hindre at sjåføren blir slengt framover. Det mange ikkje tenkjer på, er at plasseringa av hendene på rattet er heilt avgjerande for resultatet ved ein eventuell kollisjon. Held du rattet feil, kan ein airbag gjere stor skade. Det er eigentleg berre eitt grep som er det rette.

KVART PÅ TRE.
KVART PÅ TRE.

1. Kvart på tre

Det klassiske grepet, som rattet er designa for. Dei aller fleste ratta har ei utforming som er tilpassa nettopp dette grepet med støtte for tomlane.

– Her går det garantert bra om airbagen blir løyst ut, han kjem ikkje nær hender eller armar. I tillegg gir dette grepet den beste kontrollen og rørslefridommen for armane, seier Engebretsen.

KVILESTILLING.
KVILESTILLING.

2. Kvilestilling

– Viss ein køyrer langt på rette og oversiktlege vegar, kan ein variere med dette slik for å ikkje bli stiv i skuldrene, seier han.

Det gir mindre rattutslag, men airbagen går fri av armane.

3. Eikegrepet

EIKEGREPET.
EIKEGREPET.

– Dette er òg ei slags kvilestilling, men ho gir veldig dårleg beredskap. Sjølve grepet er ikkje godt nok, og moderne ratt har tjukke eiker som ikkje er laga til å halde i.

Framleis unngår airbagen å treffe armar og hender.

4. Toppgrepet

TOPPGREPET.
TOPPGREPET.

– Mange held rattet slik, og det er ikkje bra. Det kan gi store skadar. Blir airbagen løyst ut, blir armen slått mot hovudet i høg fart. Har du på deg klokke, kan du få store hovudskadar når armen treffer skallen. Bruker du briller, blir dei knuste mot ansiktet.

I tillegg kan armen bli kvesta når airbagen slår inn i han.

– En airbag kjem mot deg i 300 kilometer i timen.

TAXIGREPET.
TAXIGREPET.

5. Taxigrepet

– Her har ein veldig dårleg kontroll og er lite handlekraftig om det skjer noko.

Køyrer du over noko som gir eit slag i rattet, kan du rett og slett gleppe det. Armen er dessutan låst i eit grep som gir svært dårlege rørslemoglegheiter.

6. Sentergrepet

SENTERGREPET.
SENTERGREPET.

– Dette er rett og slett livsfarleg. Her har du elendig rattkontroll, og om airbagen blir løyst ut, får du begge armane rett i hovudet, og hendene rivnar. Held du rattet slik, er du knapt i stand til å styre bilen om noko skulle skje.

Engebretsen seier det er viktig å tenkje på at ein sjåfør skal ha hendene i det som kan kallast ei beredskapsstilling. Skjer det noko, er det gjerne snakk om sekund, kanskje ikkje det eingong, og da rekk ikkje sjåføren å skifte grep.

– Dette for å minimalisere skadane, om dei skjer noko. Eg trur til dømes at folk som bruker eit toppgrep på rattet, ikkje har tenkt gjennom konsekvensane. Det kan vere fatalt.

Til toppen