FAMILIEDAG: Ungane kunne prøve seg på fotballrodeo, bungee run, fotballradar, fotballdart og mykje meir.
FAMILIEDAG: Ungane kunne prøve seg på fotballrodeo, bungee run, fotballradar, fotballdart og mykje meir. (Foto: Ola Akre)

Hopp og sprett med Sogndal-spelarar før kampstart

I forkant av kampen mot Ull/Kisa, kunne familiar besøke Sognahallen for mykje moro.

Sogndal: Sundag blei det arrangert familiedag i Sognahallen, ein open dag for alle ungar. Dei frammøtte kunne leike seg med aktivitetar, kose seg med vafler og saft og helse på spelarar fra Sogndal FK. 

Magnus Stadheim Engesbakk, Jøran Stadheim Engesbakk og Espen Larsen Fjellheim er tre ivrige gutar som er med på Familiedagen.

– Vi kom hit for å ha det moro! seier gutane.

Som alle andre, spring dei rundt på stasjonane. Ein kunne prøve fotballrodeo, bungee run, fotballradar, fotballdart, straffekonk, dribleløype og meir. 

Det heile blei avslutta med kampen mellom Sogndal og Ull/Kisa. 

– Eg har vore på alle heimekampane, og alle bortekampane utanom to, fortel Espen. Vidare fortel dei at dei ser fram til kveldens kamp, kor dei sjølvsagt håpar på at Sogndal vinn.  

Arrangement for familie med ungar

CAMPUS MEDIA

Spelarane fra Sogndal FK hadde ansvar for å ønske alle deltakarar velkommen, samt gi ut premiar når dei var ferdige med rebusen. Spelarane hadde også ansvaret for nokre av postane. 

—Familiedagen er retta mot familiar med ungar fra 3-14 år, forklarar Hilde Østbø, konstituert dagleg leiar i Sogndal Fotball.

Ho er med og arrangerer dagen. 

—Sjølvsagt kunne me ønskt at det hadde vore fleire, men det kom det eg hadde forventa, og eg er veldig fornøgd med oppmøtet i dag. 

(Foto: Ola Akre)
IMG_8634 (Bilde: CAMPUS MEDIA)
IMG_8668 (Bilde: CAMPUS MEDIA)
(Foto: Ola Akre)
(Foto: Ola Akre)
Til toppen