IMG_2368
IMG_2368 (Bilde: Privat)

Hoppa i fjorden for TV-aksjonen

– Det er for å skape merksemd rundt eit viktig bodskap, nemleg at barn i krig og konfliktområde fortener ei utdanning.

Leikanger: Medan fylkesnemnda for TV-aksjonen var samla i Førde, danna Vibeke Johnsen (SV) og Jarle Aarvoll (Ap) den lokale utposten på Leikanger. Fredag hadde dei ein ringerunde til næringslivet i Sogn for å be om støtte til TV-aksjonen.

FRÅ VENSTRE: Caroline Birkeland, Anne Britt Hundershagen, Frode Henden, Vibeke Johnsen og Sara Christine Johnsborg.
FRÅ VENSTRE: Caroline Birkeland, Anne Britt Hundershagen, Frode Henden, Vibeke Johnsen og Sara Christine Johnsborg. Foto: Pressefoto

– Det var veldig positiv respons frå dei bedriftene vi var i kontakt med. Mange donerte pengar umiddelbart, andre var postive, men vil bruke tid på å finne ut med kor mykje og korleis dei ville støtte. Så vi hadde berre gode samtalar, seier Johnsen, som oppfordrar alle dei ikkje nådde om å gå inn på nettsidene til TV-aksjonen og bidra der.

Ho er oppteken av å spreie entusiasme og informasjon om TV-aksjonen, den største humanitære dugnaden i landet.

– Vi som har vakse opp med NRK som einaste kanal er vande med TV-aksjonen og kjenner til den store nasjonale dugnaden dette er. Men det er ei stor gruppe yngre og innvandrarar som ikkje gjer det, difor er det viktig å nå ut med informasjon, slik at folk er budde når dei frivillige kjem med bøssene, seier ho. 

Ho oppfordrar folk til å gjere litt sprell på arbeidsplassen, men er ikkje verre sjølv. I lag med kollegaer frå NAV hoppa ho like godt i fjorden for den gode saka.

– Det er for å skape merksemd rundt eit viktig bodskap, nemleg at barn i krig og konfliktområde fortener ei utdanning og det er nettopp slike tiltak årets TV-aksjon i regi av UNICEF skal gå til, seier Johnsen.

LOKAL POST: Sogndalordførar Jarle Aarvoll (Ap) og Vibeke Johnsen (SV) ringte i dag rundt til det lokale næringslivet for å sikre støtte i arbeidet med å tilby utdanning til ungar i krig.
LOKAL POST: Sogndalordførar Jarle Aarvoll (Ap) og Vibeke Johnsen (SV) ringte i dag rundt til det lokale næringslivet for å sikre støtte i arbeidet med å tilby utdanning til ungar i krig. Foto: Pressefoto
Til toppen