DOBBEL HOPPEGLEDE: I år, som i fjor, viste elevane på Borgund skule at dei best i fylket til å hoppe tau. Foto: arkiv. 
DOBBEL HOPPEGLEDE: I år, som i fjor, viste elevane på Borgund skule at dei best i fylket til å hoppe tau. Foto: arkiv. 

Hoppa til topps for andre år på rad

Dei regjerande hopptaumeistrane ved Borgund skule slo til igjen.

Lærdal: Mellomtrinnet ved Borgund skule i Lærdal vann for andre året på rad hoppetaukonkurransen i Sogn og Fjordane. 

Premien vert delt ut i dag, torsdag, av Asborg Leirdal Kjærvik, leiar i fylkesstyret til Nasjonalforeininga for folkehelsa i Sogn og Fjordane.

Les også: Elevane sigra i spenstig konkurranse​

Over heile landet har over 100 000 skuleelevar frå 4. til 7. klasse delteke i hoppetaukonkurransen som har fått namnet Hopp for hjartet. Det tilsvarar over halvparten alle barneskulene i Norge. Konkurransen strakk seg over to veker tidligere i mai, og deltakarane har i gjennomsnitt hoppa tau 24 minutt kvar dag.

Dei åtte elevane ved Borgund skule hoppa 53 minutt kvar dag under konkurransen, noko som altså var best i fylket.

Til toppen