SA JA: Anne Gine Hestetun (Ap) og fylkesutvalet i Hordaland sa torsdag ja til ein Vestlandsregion. Foto: Ida Grøttevik Slettevoll, KS. 
SA JA: Anne Gine Hestetun (Ap) og fylkesutvalet i Hordaland sa torsdag ja til ein Vestlandsregion. Foto: Ida Grøttevik Slettevoll, KS. 

Hordaland gjekk inn for regionplanane

Fylkesutvalet i Hordaland går inn for å leggje ned Hordaland som eige fylke. Berre SV stemte imot og vil ha folkeavstemming.

Fylkesutvalet går også inn for at nynorsk bør vere administrasjonsspråk i ein ny Vestlandsregion, fortel NRK.

Fylkestinget i Hordaland skal behandle saka neste veke.

Tidlegare denne veka gjekk politikarane i fylkestinget i Sogn og Fjordane inn for å innlemme Sogn og Fjordane i den nye Vestlandsregionen saman med Hordaland og Rogaland. (©NPK)

Til toppen