TO OG EIN HALV?: Fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (f.v) og fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling har fått tilslutnad frå sine fylkesting til intensjonsplanen om samanslåin til ein Vestlandsregion. Fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal (t.h.) fekk nei, men Hordaland har no gått inn for å invitera inn Nord-Rogaland. Arkivfoto

Hordaland seier ja til ny regionvariant med halve Rogaland

Hordaland fylkesting har vedteke å gå for ein vestlandsregion saman med Sogn og Fjordane. Etter at Rogaland sa nei tysdag, blir Nord-Rogaland invitert inn av Hordaland. 

Det betyr at Hordaland vil gjere forsøk på å få til ein ny intensjonsavtale om samanslåing av fylkeskommunane i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Forslaget kom frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Framstegspartiet, Miljøpartiet Dei Grøne og Senterpartiet. 

Fylkestinget er positive til at enkeltkommunar nord i Rogaland kan bli ein del av ein ny Vestlandsregion om dei søkjer om det, skriv NRK.

Til toppen