VRAKAR RIKSVEG 52: Eit fleirtal i fylkesutvalet i Hordaland vil ha berre éin stamveg mellom Oslo og Bergen: E134 over Haukeli – med ein snarvegarm mellom Bergen og Odda, den såkalla hordalandsdiagonalen.​ Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv). 
VRAKAR RIKSVEG 52: Eit fleirtal i fylkesutvalet i Hordaland vil ha berre éin stamveg mellom Oslo og Bergen: E134 over Haukeli – med ein snarvegarm mellom Bergen og Odda, den såkalla hordalandsdiagonalen.​ Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv). 

Hordalands-politikarar vrakar Hallingdals-veg

Eit fleirtal i fylkesutvalet i Hordaland vil ha berre éin stamveg mellom Oslo og Bergen: E134 over Haukeli – med ein snarvegarm mellom Bergen og Odda, den såkalla hordalandsdiagonalen.

Hemsedalsfjellet: Styringskoalisjonen mellom Ap, Sp og KrF går dermed inn for nedprioritere begge dei to nordre stamvegalternativa via Hallingdal, riksveg 7 over Hardangervidda og riksveg 52 over Hemsedal, skriv Bergens Tidende.

Det er i tråd med tilrådinga frå fylkesrådmannen i Hordaland og dels tilrådinga frå Statens vegvesen, som har tilrådd to framtidige trasear mellom aust og vest: Hemsedal i nord og Haukeli i sør.

E134 mest lønsam

Vegvesenet har samtidig tilrådd å byggje ut ein snarvegarm mellom Odda og Bergen, hordalandsdiagonalen, som vil korte ned reisetida på E134 kraftig.

– Denne strekninga er samfunnsøkonomisk lønnsam, slår fylkespolitikar Atle Kvåle (Ap) fast overfor Bergens Tidende.

Hemsedals-alternativet er på den andre sida ulønnsamt, meiner han og vil da heller ha ein nordre stamveg på E16 over Filefjell.

– Når vi no har fått alle faktaa på bordet om kva som er lønnsamt og ikkje, så landar vi ikkje på Hemsedal. Vi vil heller satse på E16, som så å seie er klar. Det er ein hundre prosent sikker vinterveg i dag, seier Kvåle.

Han peikar på at den einaste strekninga som må rustast opp på E16, er vegen mellom Voss og Lærdal.

Vestlandet vil ha hordalandsdiagonal

Hordaland fylkeskommune er berre høyringsinstans i denne saka, men det er grunn til å tru at regjeringa vil leggje vekt på synspunkta deira når dei skal ta den endelege avgjerda om aust-vest-vegsambanda. Bergens Tidende peikar på at det no ser ut til å vere semje i både Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane om å satse på Haukeli og hordalandsdiagonal og å seie nei til Hardangervidda.

I Sogn og Fjordane kryssar fylkesordførar Jenny Følling (Sp) framleis fingrane for Hemsedals-alternativet.

– Eg er veldig glad for at dei ikkje ser for seg Hardangervidda som framtidig stamveg. Det opnar for ein arm til Bergen og ei opprusting på E16 frå Bergen til Lærdal. Så skulle eg ønskje dei sa ja til Hemsedal, men det håper eg Stortinget gjer, seier Følling til Bergens Tidende. (©NPK)

Til toppen