TESTA HØRSELEN: Audun Hellebø var ein av mange som fekk testa hørselen sin gratis då Hørselhemmedes landsforening tilbydde hørseltest i Øvre Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TESTA HØRSELEN: Audun Hellebø var ein av mange som fekk testa hørselen sin gratis då Hørselhemmedes landsforening tilbydde hørseltest i Øvre Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Hørselen var betre enn forventa​

Audun Hellebø var ein av fleire som testa hørselen då Hørselhemmedes landsforbund (HLF) tilbydde hørselstest på torget. 

Årdal: Her kunne kven som helst få teste hørselen sin gratis. Arne Hovland antar at minst tusen personar i Årdal har nedsett hørsel.

– Me tilbyr i dag ein gratis hørseltest. Det er eit tilbod til alle med nedsett hørsel eller folk som slit med hørselen, seier han.

POPULÆRT: Tilbodet var veldig populært, og det var mange som kom til Arne Hovland for å skrive seg ned på kølista.
POPULÆRT: Tilbodet var veldig populært, og det var mange som kom til Arne Hovland for å skrive seg ned på kølista.

HLF er ein landsomfattande organisasjon med rundt 60 000 medlemmar. HLF jobbar spesielt for å fremja behova til hørselshemma og tilbyr hjelp i kvardagen med høyreapparat og utstyr.

– Kvifor tilbyr de slike testar?

– Fordi dei sjølve og omgjevnadene har godt av at folk høyrer bra. Me ser at nedsett hørsel fører til misforståingar, isolasjon og kan føre til konflikt mellom personar fordi ein ikkje får med seg kva som blir sagt eller oppfattar ting feil. Å ha god hørsel er viktig for velferda og enkeltes liv og helse, svarar Hovland.

– Betre enn venta

Ein som nytta seg av tilbodet var Audun Hellebø, som fortel at hørselen var tåleg bra.

– Eg trudde han var verre fordi eg har slike pipelydar, så det blir tungt av og til, men resultatet var betre enn venta, seier han.

– Eg har lurt på å gå til doktoren, men ikkje fått gjort det. Dette var eit fint høve til å sjekke hørselen, så det er fantastisk at dei tilbyr dette, legg han til.

Kjem krypande

Hovland trur det er mange som går rundt med dårleg hørsel utan at dei heilt er klar over det sjølve.

– Dette er eit tap som kjem krypande, og det er ofte omgjevnadene som oppfattar det før du sjølv. Ein spør opp att, mistforstår og har gjerne fjernsynet på mykje høgare, og ein tenkjer ikkje over at det er det store problemet før du faktisk oppfattar at du høyrer dårleg. 

Til toppen