SELD: Hotell Mundal i Fjærland har fått nye eigarar.
SELD: Hotell Mundal i Fjærland har fått nye eigarar. (Bilde: Arlen Bidne/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Hotell Mundal seld for nesten ti millionar

Det ærverdige hotellet i Fjærland har fått nye eigarar.

Sogndal: Hotell Mundal har blitt seld for 9,5 millionar kroner, melder NRK Sogn og Fjordane fredag. 

Meklaren for salet held derimot korta tett til brystet om kven som har kjøpt bygget. 

Lagt ut for sal i august

 Hotellet som ligg Fjærland i Sogndal kommune, har 35 rom i ulike storleikar og prisklassar, og kan husa opptil 65 gjester, ifølgje prospektet.

Hotellet vart sist seld i desember i 2018. I august i haust vart det lagt ut for sal på ny. 

Runar Bjørnerud, dagleg leiar for eigedomsmeklarfirmaet M2 megling, sa til Porten.no då, at det er eit verneverdig bygg

– Det vil krevja ein del å rusta det opp igjen. Det er gammalt og verneverdig.

Han opplyste òg at det var stor interesse for hotellet blant bransjen, og at dei hadde 20 som var interesserte. Han hadde per 8.august ikkje fått inn bod på hotellet. 

Til toppen