TRENG HJELP: Eigaren av Mundal Hotel ønskjer no hjelp frå kommunen til å sette i stand den historiske bygningen. Foto:  Hotel Mundal  av  Bosc d'Anjou  lisensiert under  CC BY .
TRENG HJELP: Eigaren av Mundal Hotel ønskjer no hjelp frå kommunen til å sette i stand den historiske bygningen. Foto:  Hotel Mundal  av  Bosc d'Anjou  lisensiert under  CC BY . (Foto: Bosc d'Anjou/Flickr)

Hotelleigar ber om hjelp til å berge Hotel Mundal

Først trua han med å rive. No ber eigar Ola Moe kommunen om hjelp til å berge det historiske hotellet.

Fjærland: Det var i august at Moe sjokkerte nokon og ein kvar med søknaden om å få rive det 125 år gamle hotellet. Etter kvart viste det seg at motivet var å skape blest rundt det Moe oppfatta som urimeleg skattlegging. 

Hotellet må nemleg betale eigedomsskatt, trass i at drifta ikkje går i pluss.

Les også: Eigar har søkt om å få rive 125 år gamle Hotel Mundal

I eit nytt brev adressert ordføraren, rådmannen og næringssjefen i kommunen fortel Moe om eit bygg som har vore utsett for omfattande forfall dei siste tiåra. I brevet ber han om hjelp i bergingsoperasjonen som skal «redde hotellet frå det som snart er irreversibel skade».

 Vi som eigar er villige til å investere ein betydeleg sum i hotellet. Vi håpar dette, saman med andre søknader vi er i ferd med å sende, vil nærme seg eit tilstrekkelig nivå for naudsynt oppgradering og vedlikehald, skriv Moe.

Han nemner samstundes frustrasjonen over eigedomsskatten, som dei no har klaga på og søkt om fritak frå.

PÅ TILBODSSIDA: Rådmannen er innstilt på at kommunen skal hjelpe hotellet, men understrekar at det er avgrensa kva dei kan gje av pengar.
PÅ TILBODSSIDA: Rådmannen er innstilt på at kommunen skal hjelpe hotellet, men understrekar at det er avgrensa kva dei kan gje av pengar.

– Vi vil vente på utfallet av denne og ser difor ingen grunn til å ta dette ytterlegare opp no, skriv Moe.

I svarbrevet skriv rådmann Jostein Aanestad at kommunen ønskjer å leggje til rette for god drift og utvikling av Mundal hotell. Samstundes ønskjer rådmannen å få til eit møte, slik at kommunen kan bli informert om planane for hotellet.

– Vi har avgrensa økonomiske verkemiddel sjølve til å bidra til vedlikehald og eventuell utbygging av hotellet, men vi kan støtte dykk i søknader de sender til andre instansar, skriv rådmannen.

 

 

Til toppen