MOTSØKSMÅL: Johannes Einemo og advokat Louis Anda har meldt motsøksmål mot offeret.
MOTSØKSMÅL: Johannes Einemo og advokat Louis Anda har meldt motsøksmål mot offeret. (Foto: Arkiv)

Hotelleigar og politikar går til motsøksmål etter skuldingar om vald

Johannes Einemo i Lærdal hamna tidlegare i sommar i søkelyset til politiet etter påstandar om valdsbruk. No saksøker han offeret for falske skuldingar.

Lærdal: I slutten av august melde Vestland Høgre at ordførarkandidaten deira i Lærdal, Johannes Einemo hadde trekt seg. Årsaka var at den ferske politikaren var under etterforsking for ei påstått valdshending.

Kort tid etter kom kontrabeskjeden. Einemo ville ikkje trekkja seg likevel, men går ut i permisjon medan etterforskinga pågår.  

Politimeldinga kom etter ei hending under arrangementet Kom Heimatt i juli. Delar av arrangementet gjekk føre seg på Lærdalsøren hotell, som Einemo driv. Offeret i saka vart mistenkt av Einemo for å ha forfalska ølbongar og nytta dei på hotellet.

No har Einemo gått til motsøksmål, opplyser advokat Louis Anda til Porten.no.

– Min klient har anmeldt fornærma for falsk politimelding og for å ha forfalska ølbongar og kopiert desse. Min klient har tapt store summar og krev erstatning, seier Anda. 

Har skrive brev til politiet

Grunnlaget for motsøksmålet er ein chat-log mellom offeret og ein annan person. 

– Det er ein chat-log mellom fornærma og ei jente, der det går fram at han ikkje har blitt trua. Det går fram i den loggen at heile politimeldinga er basert på usanningar, seier advokaten. 

Etter valet måndag vart det klart at Einemo er røysta inn i kommunestyret i Lærdal. Men framleis har ikkje politiet etterforska saka ferdig.

– Det er klart det er ei påkjenning for han. Me har skrive eit brev til politiet, der me bad om ei snarleg avgjerd i saka. Det har dei ikkje svart på.

Politiinspektør Ronny Iden held korta tett til brystet.

– Saka ligg framleis til etterforsking. Vidare har eg ingen kommentar, skriv han i ein sms til Porten.no.

Familie til fornærma

Familien til offeret står fast ved at påstandane om forfalsking av ølbongar er usanne.

– Det Johannes Einemo og advokat Louis Anda påstår er ikkje rett. Han har ikkje laga eller brukt falske bongar. Verken vedkomande eller venene har vorte snakka til under festen, og kjenner seg ikkje att i det Einemo hevdar, skriv dei i ein sms til Porten.no. 

Vidare skriv dei at Einemo kasta mistanke mot offeret og venene først etter at festen var slutt.

– Det var etter dette at Einemo tok seg inn i huset og trua offeret med seg i bilen. Deretter prøvde dei å få han til å seia at han har brukt falske bongar. Noko han nekta for. At Einemo påstår noko anna får han stå for.

Til toppen