MYKJE SOM SKJER: Denne våren går det ikkje ein månad utan at det skjer noko ved hotellet i Flåm. – Det har lenge vore ei målsetjing å kunna tilby lokale og tilreisande eit levande og heilskapleg tilbod, seier driftsdirektøren. Foto: Kaja Nygård. 
MYKJE SOM SKJER: Denne våren går det ikkje ein månad utan at det skjer noko ved hotellet i Flåm. – Det har lenge vore ei målsetjing å kunna tilby lokale og tilreisande eit levande og heilskapleg tilbod, seier driftsdirektøren. Foto: Kaja Nygård. 

Hotellet i Flåm diskar opp med mat, humor og musikk til våren

På Fretheim hotell er det ikkje berre romutleige og hotelldrift som står på dagsorden. 

Flåm: Programmet deira for våren byr på kulturelle opplevingar på rekke og rad, der underhaldning og smaksopplevingar er fellesnemnaren.

NØGD DUO: Kjøkkensjef Bjarte Finne og driftssjef Frode Skarpås kan lokka med ein spanande kulturell meny på Fretheim hotell denne våren. Foto: Fretheim hotell

– Det har lenge vert ei målsetjing å kunna tilby lokale og tilreisande eit levande og heilskapleg tilbod i Flåm, seier Frode Skarpås, driftsdirektør på Fretheim Hotel i ei pressemelding.

I februar blir det skalldyr og danseaftan. I mars kjem første gjestekokk på besøk, saman med ein mangeårig programleiar for NRK.

– Frode Aga er ein av dei beste kokkane me har i landet, og er i tillegg ein uslåeleg historieforteljar. Saman med Kjell Fuglehaug vert det ein humoristisk og kulinarisk heilaftan på hotellet, seier Skarpås.

I mars blir det standup og bobler i glaset på damenes aftan, i april blir det ølsmakarkveld med Voss Fellesbryggeri og i mai blir det festmiddag og vinsmaking med vinkelnar Henrik Dahl Jahnsen frå Bølgen & Moi.

– Saman med kjøkkensjef på Fretheim Hotel, Bjarte Finne, vil han setja saman ein 4-rettars meny med spanande nordiske råvarer og vinar frå verdas hjørne, seier Skjerpås og kallar det heile «årets smaksoppleving i Flåm».

Jarle Bernhoft & The Fashion Blues avsluttar med eit smell i hotellhagen seinare samen månad.

Til toppen