FEKK PÅSKJØNNING: Quality Hotel Sogndal får ros, samt diplom og blomster, for å ha rekruttert gjennom Ringar i Vatnet, programmet til NHO for å få fleire i arbeid. Frå venstre: kokkelærling Tor Øyvind (tilsett), hotelldirektør og eigar, Jørgen Christian Lindstrøm, regionsansvarleg for Ringar i Vantnet-prosjektet, Ragnhild Friis-Ottessen og Kjøkkensjef Vidar Liljedahl på Quality Hotell Sogndal.
FEKK PÅSKJØNNING: Quality Hotel Sogndal får ros, samt diplom og blomster, for å ha rekruttert gjennom Ringar i Vatnet, programmet til NHO for å få fleire i arbeid. Frå venstre: kokkelærling Tor Øyvind (tilsett), hotelldirektør og eigar, Jørgen Christian Lindstrøm, regionsansvarleg for Ringar i Vantnet-prosjektet, Ragnhild Friis-Ottessen og Kjøkkensjef Vidar Liljedahl på Quality Hotell Sogndal. (Foto: NHO)

Hotellet i Sogndal fekk blomster og diplom for inkluderande arbeidsliv

– Det set vi stor pris på og er stolte av, seier hotellsjef Jørgen Christian Lindstrøm om påskjønninga dei fekk frå NHO.

Sogndal: Hotellet har delteke i Ringar i Vatnet, eit prosjekt NHO har hatt dei siste fem åra for å få fleire personar med redusert arbeidsevne tilsett hos sine medlemsbedrifter. Ei evaluering utført av NTNU viser at åtte av ti får jobb gjennom prosjektet.

I Sogndal har erfaringane berre vore gode. 

– De har prestert og vore flinke. Me har hatt god nytte av dei som arbeidstakarar, så det har vore bra for begge partar, trur eg, seier hotellsjefen og snakkar om dei tre nye hotelltilsette som kom ut av deltakinga.

Den første var ein kokkelærling dei fekk tilsett i samarbeid med arbeids- og inkluderingsbedrifta Sogneprodukt. No er hotellet klar til å ønskja to nye arbeidstakarar velkomne. Begge tok reinhaldskurs hos Sogneprodukt, på bestiling frå NAV.

– For å ta sin del av dugnaden med å auka arbeidsdeltakinga i landet, må det vera i bedriftenes interesse å tenka integrering. Då er det ei sann glede å sjå lokale døme på dette, eksempelvis Quality Hotel i Sogndal, skriv rådgjevar Silje Rødeseike i NHO Vestlandet i ei pressemelding. 

– Det er noko me er opptekne av. Me ønskjer å bidra til at alle får ein sjanse. Så langt me kan, så tenkjer me å halda fram å bidra med det, seier Lindstrøm. 

Til toppen