Sogndal: – Me hadde ikkje satsa viss me ikkje har tru på dette. Me har tenkt oss lenge om før me gjekk til dette skrittet, seier hotellsjef Jørgen Christian Lindstrøm ved Quality Hotel Sogndal.
I dag presenterte han planar om å bygga ut hotellet med 111 rom, ei dobling av kapasiteten, ein konferansesal på 500 kvadratmeter, ein ny parkeringsgarasje og nytt hageanlegg. Til saman kostar investeringa 175 millionar og vil altså gjera hotellet til det største i fylket.

– Eit hotell er ofte eit spegelbilete av samfunnet det befinn seg i. Me har mange kvalitetar i Sogndal og det gir seg sjølv at bygda er viktig for at me kan byggja eit slikt hotell.
– Satsinga er ganske unik for å vera eit hotell utanfor dei større byane. Det er ikkje mange som har gjort noko liknande. Det er klart at det er eit stort løft for oss, seier Lindstrøm.
Utvidinga skal etter planen vera ferdig i mai 2019. Det er ingen tvil om at investeringane er eit stort løft for hotellet. Satsinga er gjort mogleg ved hjelp av lån.
– Me har ein god bank i DNB. Dei har vore ein god samtalepartnar, teke utfordringane me har gitt dei og gitt oss utfordringar tilbake. Det har gjort at me har enda opp med å kunne realisera prosjektet, seier Lindstrøm.