SINT GJEST: Ein krakilsk hotellgjest i Sogndal gjorde at politiet måtte rykka ut i natt. Illustrasjonsfoto.
SINT GJEST: Ein krakilsk hotellgjest i Sogndal gjorde at politiet måtte rykka ut i natt. Illustrasjonsfoto. (Foto: arkiv)

Hotellgjest (26) knuste rute og reiv opp skjorta til vakt

Får mykje å svara for når han vaknar i dag tidleg.

Sogndal: Det var kvart over eitt i natt at politiet måtte rykka ut til Quality Hotel i Sogndal. Ein mannleg gjest hadde knust ei rute i inngangsdøra og rive opp T-skorta til ein vakt. Mannen var allereie teken kontroll på då politiet køyrde til staden.

Patruljen bestemte seg for å visa vekk 26-åringen, medan hotellet har varsla at dei vil melda episoden seinare.

 
Til toppen