STOR TRAFIKK: Heile 150.000 menneske kjem kvart år med cruiseskip til Flåm kvart år. Det er vårt eige ansvar å få dei til òg å leggje att pengar, meiner hotellsjef i Aurland. Foto: arkiv.
STOR TRAFIKK: Heile 150.000 menneske kjem kvart år med cruiseskip til Flåm kvart år. Det er vårt eige ansvar å få dei til òg å leggje att pengar, meiner hotellsjef i Aurland. Foto: arkiv.

Hotellsjefen meiner cruiseturistane er betre enn sitt rykte

Vatnahalsen hotell i Aurland har over 40.000 cruiseturistar innom på kaffi og vaflar kvart år. No er hotellsjefen lei av at dei blir snakka ned.

GLAD I CRUISETURISTAR: – Eg trudde lenge det er fattige menneske som reiser på cruise, men det er feil, seier hotellsjef Jannet Aksnes ved Vatnahalsen hotell i Aurland. Her held ho føredrag på gårsdagens reiselivskonferanse i Sogndal.

Sogndal: Forsvarstalen til cruisepassasjerane vart framført på ein reiselivskonferanse arrangert av Høgskulen i Sogndal.  

– Viss du er ein cruisepassasjer i Norge, så er du nedst på rangstigen. Det synst eg er urettferdig, seier hotellsjef Jannet Aksnes ved Vatnahalsen hotell i Aurland.

Les også: Dette meiner politikarane om cruise i Sogndal
Les også: Cruise i Lærdal: – Spennande, men fort at alle seier «halleluja»

Meiner cruiseturistane er undervurderte

Vatnahalsen ligg på toppen av Flåmsbana i Aurland. Einaste måten å komme seg dit er med jernbane eller sykkel. Men med 920.000 årlege passasjerar på Flåmsbana er ikkje det ein alvorleg avgrensande faktor. Nær ein femdel av passasjerane kjem fjordvegen.

– Eg har jobba med cruiseturistar i 17 år no. Det er først dei siste åra eg har skjønt at dei er eit problem for mange, men det har dei ikkje vore for oss, seier hotellsjef Jannet Aksnes.

Ho meiner tvert om at cruiseturistar er ei undervurdert kundegruppe. Hennar erfaring er at dei er meir enn villige til å bruke pengar, berre dei blir tilbydd noko dei kan bruke pengane på.

– Eg trudde lenge det er fattige menneske som reiser på cruise, men det er feil. Dei har lyst til å bruke mykje meir pengar på land enn dei gjer i dag. Det er synd at vi ikkje klarer å få meir ut av cruiseturismen enn det vi gjer, seier Aksnes.

GRØN TILKOMST: Vatnahalsen hotell ligg kloss ved Flåmsbana. Einaste alternative tilkomst er med sykkel eller til fots.
GRØN TILKOMST: Vatnahalsen hotell ligg kloss ved Flåmsbana. Einaste alternative tilkomst er med sykkel eller til fots.

– Tenk kreativt!

Sjølv trur ho hotellet tener omlag ein halv million i året på å selje suvenirartiklar til cruiseturistar. Og det treng ikkje vere komplisert.

Bringebærsyltetøy frå Lerum, eit vaffelhjarte i glas frå ein lokal kunstnar og brunost frå Rallarosa støylsosteri blir pakka ned i ein papirpose med logoen til hotellet og seld til eit par-tre hundrelappar.

Aksnes ønskjer ikkje å starte nokon stor cruisedebatt, men oppfordrar turistnæringa til å tenkje kreativt. Med 250.000 cruisepassasjerar innom Flåm kvart år treng du ikkje treffe ein stor prosent før det blir butikk av det.

– Alle monnar drar. Kundane er der allereie og då er det opp til meg å selge dei noko ekstra. Viss dei ikkje får tilbodet så kan dei heller ikkje kjøpe noko, er hennar enkle bodskap.

Til toppen