KORONAVIRUS: Èin hoteltilsett i Vik og to personar i Sogndal har testa positivt for korona.
KORONAVIRUS: Èin hoteltilsett i Vik og to personar i Sogndal har testa positivt for korona. (Foto: Arkiv)

KORONAVIRUS

Hotelltilsett testa positivt i Vik, samt to nye tilfeller i Sogndal

Dette er status for koronasituasjonen i Sogn.

Sogn: Etter eit beredskapsmøte i Vik kan kommunen informere at det er ein tilsett ved Blix Hotell som har testa positivt for koronavirus. Hotellarbeidaren hadde siste arbeidsdag den 22. oktober, og er no sett i isolasjon.

Alle tilsette ved hotellet er i karantene, og har fått tilbod om testing. Desse testane vil kommunen få svar på i løpet av måndagen. I tillegg er sju nærkontaktar sett i karantene.  Gruppa som jobbar med smittesporing har vore i arbeid frå tilfellet blei kjent. Arbeidet er endå ikkje ferdig, så ein har difor ikkje full oversikt over situasjonen enno. 

Kommunen informerer at det har vore seksti gjester på hotellet i den aktuelle perioden, som dei kartlegger for. Gjestene blir ikkje rekna som nærkontaktar og treng difor ikkje å gå i karantene.

Det er totalt to personar som har testa positivt for koronavirus i Vik dei siste to vekene, og kommunen oppmodar om å halde avstand, ha god handhygiene og halde seg heime om ein er sjuk.

Har analysert 356 prøvar

Søndag stadfestar Sogndal kommune på sine nettsider at to personar har testa positivt for koronavirus. Dette er to personar som er nærkontaktar til tidlegare kjente tilfeller, og som har testa seg etter å ha vore i karantene. Totalt sju personar har testa positivt i kommunen siste veka.

Laurdag blei det òg kjent at éin person har testa positivt for koronavirus i Gulen.

Helse Førde opplyser på sine nettsider at dei i løpet av fredag og laurdag analyserte 356 koronaprøvar, og at seks av desse var positive.

 


 

Til toppen