I AKSJON: Johan Hove i aksjon. Her frå landslagssamling i Tønsberg i år.
I AKSJON: Johan Hove i aksjon. Her frå landslagssamling i Tønsberg i år. (Foto: Thomas Brekke Sæteren)

Sogndølen forlengar kontrakta med Strømsgodset

18-åringen frå Sogndal trivast i Drammen.

Drammen: Johan Hove gjekk frå Sogndal til Strømsgodset i fjor. Opprinneleg hadde han ein kontrakt ut 2021-sesongen. No har han forlenga med eit halvt år og troppar opp eit nivå på lønsstigen. 

Det melder klubben på sine nettsider

Sporstssjef Jostein Flo seier Hove har hatt god framgang. Han har lagt bak seg 50 kampar i Eliteserien, og vart kåra til Godsets Årets unge spelar 2019. Hove er òg med på U21-landslaget. 

- Eg skal vera ein spelar som dreg lasset. Eg er klar for å bidra, ta meir ansvar og stille krav til både meg sjølv og andre. Me skal få Godset oppover på tabellen igjen, seier Hove i pressemeldinga. 

Til toppen