EM-klar: Johan Hove og Jonas Fredriksen har kvalifisert seg til EM med G19-landslaget.
EM-klar: Johan Hove og Jonas Fredriksen har kvalifisert seg til EM med G19-landslaget. (Foto: Foto: Helge Bjørke/NFF)

Hove og Fredriksen på bana då Norge sikra EM-billett foran Tyskland

Sogndøl Johan Hove og Sogndal Fotball-spelar Jonas Fredriksen spelte begge heile kampen då G19-laget til Norge i dag slo Kroatia 3-2.

Sogndal: Med det kvalifiserte dei seg til EM i sommar som gruppevinnar, eitt poeng foran Tyskland. 

Frå før hadde laget spelt 0-0 mot Ungarn og vunne 1-0 over Tyskland.

– Me måler oss mot nasjonar som me vanligvis sliter med å nå opp til, og no gler me oss stort til sommerens mesterskap i Armenia, seier Lise Klaveness, direktør for elitefotballen i NFF til Fotball.no.

G17-landslaget og Sivert Mannsverk skal óg kjempa om EM-billett denne veka. Dei møter Ungarn i første kamp klokka 20.00 i kveld.

U20-landslaget, med Ulrik Fredriksen på laget spelar treningskamp mot Slovakia, den siste før VM i sommar.

Til toppen