ROLLEMODELL: Johan Hove (17) har vore eit idol for mange unge fotballspelarar i Sogndal. No forsvinn han ut dørene på Fosshaugane.
ROLLEMODELL: Johan Hove (17) har vore eit idol for mange unge fotballspelarar i Sogndal. No forsvinn han ut dørene på Fosshaugane.

Hove om overgangen til Strømsgodset: – Ei tøff avgjersle

Som 15-åring fekk Johan Hove proffkontrakt med Sogndal Fotball. No er han klar for Eliteserien, etter eit år med lite speletid for barndomsklubben.

Sogndal: – Det har vore ei tøff avgjersle å reisa frå Sogndal, men eg trur det er bra for meg, seier Johan Hove i eit intervju på nettsida til Sogndal Fotball.

Som me skreiv for seks dagar sidan har Johan Hove vore ei veke og trent med Strømsgodset. I dag vart det klart at Hove signerer ei kontrakt med elitserielaget som varer dei neste 3,5 åra.

– Det er med ilt i magen at me slepper Johan frå oss i dag, då me ville ha han her hjå oss. Dette er noko Johan sjølv vil, og me ynskjer han lukke til vidare, seier trenar Eirik Bakke.

Har fått lite tillit i moderklubben

Hove er ekte sogndøl, og har gått gradene i klubben. Han fekk sin første kamp for A-laget då han som 15-åring kom inn som innbytar mot Aalesund i mai 2016. Med det vart han både den yngste Sogndal-debutanten gjennom tidene, òg den første født på 2000-talet som debuterte i Eliteserien. Proffkontrakt fekk han tre månader seinare.

Etter fjorårets nedrykk har det derimot vorte lite med speletid. To kampar frå start og ni som innbytarar er fasiten i 2018.

– Sogndal ville gjerne ha meg med vidare, men eg føler at Strømsgodset òg hadde lyst på meg. Det var vanskeleg, men det var miljøskiftet og totalpakken som gjorde at eg valde å reisa no, seier Hove.

Får skryt av sin nye trenar

Nettsida til Strømsgodset skriv at Hove reiser til Drammen på tysdag for å gjennomføra ein medisinsk test og signera avtalen knyter han til klubben ut 2021-sesongen.

Hove vil fullføra vidaregåande skule på Drammen toppidrett, og kjem til å bu i det såkalla talenthuset til Strømsgodset i sentrum.

Trenar Bjørn Petter Ingebretsen er glad for å ha sikra seg midtbanetalentet.

– Johan har kvalitetar som passar godt inn i vår spelestil. Han er arbeidssam, gjer det enkelt med ball og har god fotballforståing. Ein fin gut som er vaksen for alderen. Eg har sett Johan i fleire kampar på aldersbestemte landslag og det er liten tvil om at han har et stort potensial, seier Ingebretsen til godset.no.

Til toppen