DEBUTERTE: Truls Hovland frå Årdal er tilbake frå skade og fekk endeleg sin debut for Florø då han kom inn mot Elverum søndag. Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no.
DEBUTERTE: Truls Hovland frå Årdal er tilbake frå skade og fekk endeleg sin debut for Florø då han kom inn mot Elverum søndag. Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no.

Hovland debuterte: – Har trent utruleg hardt for å koma tilbake

Truls Hovland frå Årdal fekk endeleg sin debut for Florø då han spelte om lag 10 minutt søndag.

Årdal: Årdølen har vore ute med skade heilt sidan slutten av førre sesong. I vinter blei han klar for Florø, men har måtta vente med debuten fram til han var skadefri etter eit lite brot i ankelen og ein skade på leddbandet.

83 minutt ut i kampen mot Elverum kom sjansen han har venta på. Det var faktisk hans første minutt med 1. divisjonsfotball.

– Det er det. Eg har trent utruleg hardt for å koma tilbake. Eg har framleis litt smerter i ankelen, og det kjem eg til å ha ei stund, sa legen. Men det går fint, og no må eg berre matchast, seier Hovland til Porten.no.

– Hardt å sjå på treningane

Den tidlegare Årdal- og Sogndal-spelaren har levert mål på bestilling i .3. divisjon etter han kom tilbake frå Sogndal. Mot Elverum vart det ingen målpoeng i ein kamp som enda 1-1. 

Måndag skal han i aksjon for Florø 2, og no startar prosessen med å bli hundre prosent kampklar.

– Det er fotball eg likar å drive med, det jo jobben min no. Det har vore hardt å sitja og sjå på treningane i vinter, men eg har prøvd å gjere det beste ut av det, seier Hovland, som håpar han blir med Fredrikstad i neste runde også.

Treng tid og trening

Florø er nyopprykka i 1. divisjon, og målet er sjølvsagt å halde seg der. For Hovland personleg ønskjer han no å spele mest mogleg og utvikle seg vidare.

– Eg har utvikla meg på ein del ting etter at eg kom tilbake til Årdal. Eg har litt meir sjølvtillit og veit kva eg står for. Med litt tid og god trening, så skal eg gjera det bra eg.

Til toppen