FORLET SOGNDAL: Even Hovland skal spela på Lerkendal dei neste 3,5 åra. Det vart klart i kveld.
FORLET SOGNDAL: Even Hovland skal spela på Lerkendal dei neste 3,5 åra. Det vart klart i kveld. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Hovland er klar for Rosenborg

Returnerer til Eliteserien, etter berre èin kamp for Sogndal etter nedrykket.

Sogndal: Sogndal-kaptein Even Hovlan har skrive under på ein 3,5-årskontrakt med Rosenborg. Det melder klubben på si eiga nettside i kveld.

– Sal til større klubbar er ein del av identiteten til Sogndal. Sjølv om eg som trenar, supporterar og andre i klubb er lei seg for at Even reiser, så må me unne Even denne moglegheita, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke til sogndalfotball.no.

Overgangen kom i stand på den siste dagen av overgangsvindauget, berre sju månader etter at stopparen returnerte til gamleklubben i september i fjor. 

Even Hovland gjekk til førstedivisjon og Sogndal i 2007. I 2010 kom opprykket og allereie i sin første eliteseriesesong vart Hovland kåra til årets forsvarsspelar. Etter endt sesong vart han solgt til Molde og det same året fekk han landslagsdebuten.

Etter to år gjekk turen vidare til Nürnberg og tysk fotball i 2014. Der spelte han etter kvart til seg ein fast plass, men hamna etter kvart ute i kulden. I 2017 vart han kontraktslaus etter å ikkje hatt fått eit nytt tilbod frå klubben. Returen til Sogndal vart klar i september i fjor, men enda i eit skuffande nedrykk.

Hovland fekk berre ein seriekamp med Sogndal i OBOS-ligaen, i 0-0-oppgjeret mot Aalesund tysdag, før overgangen til Rosenborg kom i stand no i kveld.

Til toppen