SLUTT: Som i 2012 rauk Sogndal mot Florø i cupen. For første gong i historia møttest to lag frå Sogn og Fjordane i fjerde NM-runde. Foto: Arne Stubhaug/NRK.
SLUTT: Som i 2012 rauk Sogndal mot Florø i cupen. For første gong i historia møttest to lag frå Sogn og Fjordane i fjerde NM-runde. Foto: Arne Stubhaug/NRK. (Arne Stubhaug/NRK)

Hovland etter cupskrellen: – Me får vel opp og slå Rosenborg

Årdølen Truls Hovland var høgt oppe etter at han bidrog til at Sogndal for andre gong på fem år rauk mot Florø i cupen.

Florø-Sogndal: 2-1

– Det var hardt, men veldig moro. Det slike kampar alle har lyst til å spela. Eg følte eg gjorde eit greitt innhopp, seier årdølen Truls Hovland, etter å ha spelt dei siste 45 minutta i cupsigeren mot Sogndal.

Han seier det ikkje spelte nokon rolle at det var gamleklubben Sogndal som stod på motsett side av bana. Han tenkte berre på avansement. Kor langt dei no kan nå vil han derimot ikkje spå.

– Kva eg trur har ikkje så mykje å seia. Eg håpar sjølvsagt det går heile vegen, det gjer heile Florø. Så får me sjå, seier årdølen.

Les også: Hovland debuterte: – Har trent utruleg hardt for å koma tilbake

To toppa lag

Noko overraskande var det to toppa mannskap som stilte til kveldens cupkamp på Florø stadion. Både Sogndal og Florø kjempar ein hard kamp for å overleve i henhaldsvis eliteserien og førstedivisjon, men verken Terje Rognsø eller Eirik Bakke valde å spare på krutet.

Første omgang vart difor eit antiklimaks, med lite finspel og få sjansar. Den første store kom etter 18 minutt, då skotet til Gilbert Koomson vart redda til hjørnespark. 

Publikum måtte vente til det stod att fem minutt av omgangen før det igjen vart farleg. Koomson var nok ein gong på farta, men åleine med keeper valde han å sentre til Martin Ramsland som ikkje rakk å avslutte skikkeleg før keeper var oppi han.

Kampen hadde opna seg og like etter var Endre Kupen farlig frampå med pannebrasken etter eit hjørnespark. Til pause stod det likevel 0-0.

Kampen tok fyr i andre

Andre omgang skulle bli langt meir målrik. Det første kom etter 59 minutt då Christer Husa var uheldig og sette ballen i eige nett.

– Eg tenkte berre at dette må me snu og det greidde me, seier Hovland om kva som gjekk gjennom hovudet hans då.

For to kjappe mål av Rashad Muhammed og Simen Reksten Solheim gjorde at heimelaget var i føringa åtte minutt seinare.

Sogndal sleit jamt med å skape trykk og sjansar på Florø og sjølvtilliten til dei blåkledde vaks etter kvart som klokka tikka mot nitti minutt. Ikkje minst fekk innbytar Truls Hovland vist fram teknikken, der han bidrog med ro og viktig ballinnehav i hektiske sluttminutt. Like før slutt fekk både Martin Ramsland og Gilbert Koomson store sjansar, men begge avslutningane vart blokkerte.

Med ein draumemotstandar unnagjort, har Hovland klare tankar om kven han helst vil møte i neste runde.

– Eg veit då f... Me får vel opp og slå Rosenborg på Lerkendal, det hadde kanskje vore greitt, seier Hovland.

Til toppen