TIL FLORØ: Truls Hovland har signert for 1. divisjonsklubben Florø. Foto: Florø Fotball.
TIL FLORØ: Truls Hovland har signert for 1. divisjonsklubben Florø. Foto: Florø Fotball.

Hovland har signert for 1. divisjonsklubb

Truls Hovland får sjansen til å prøve seg på Noregs nest høgste nivå komande sesong.

Årdal: Allereie i november skreiv Porten.no at Florø snuste på Årdal-spelaren. Laurdag tok klubb og spelar kvarandre i handa. Komande sesong skal Hovland spele for Florø. Det stadfestar trenar Terje Rognsø til Porten.no.

Spelar og klubb møttest i Sognahallen laurdag for å få på plass det formelle. Florø spelar nemleg treningskamp mot Sogndal i dag.

– Dette er heilt supert for meg. Eg har lyst å satsa, og Florø er ein klubb som passar meg veldig bra, seier Hovland om klubben som rykka opp til 1. divisjon i fjor.

– Meir moden

Dette er ikkje første gongen Hovland får prøve seg på eit høgare nivå. Årdølen var ei tid innom Sogndal før han returnerte til Årdal. 

– No føler eg meir klar og moden for oppgåva. Rognsø har lagt ting godt til rette for meg, seier Hovland, som for tida er skadd.

Difor vil det ta litt tid før han får vist seg skikkeleg fram for dei nye lagkameratane sine. Etter det er ambisjonen klar.

– Eg må berre godta at eg ikkje er klar med ein gong, men på sikt er målet å spela fast og bli betre heile tida. Og så skal ein ikkje sjå seg med berre å få spela, men også setja seg nyte mål deretter, fortel han.

– Må gripa sjansen

Årdal mistar dermed ei av sine viktigaste brikker før årets sesong. Hovland har god teknikk, bra fysikk og bra tempo.

Med det er han ein viktig sjanseskapar, men også ein som noterer seg for tosifra tal mål i løpet av ein sesong. I fjor stoppa det på 12 nettkjenningar. Årdal makta heller ikkje å kapre ein plass i Regionligaen, og då ville det blitt fylkesfotball på Hovland denne sesongen om ikkje dette kom på plass.

– Det er alltid trist å reisa frå klubben som er din. Samstundes er det slik at dersom eg skal satsa, så er det no. Eg kan sjå tilbake på ei fin tid i Årdal, der ting er trygt og ein kjenner alle, men vil ein noko, må ein ta sjansen.

Til toppen