TILBAKE TIL ÅRDAL: Truls Hovland (21) vender tilbake til Årdal. 21-åringen slit med ein skade og vil bruke tida i heimklubben til å restituere skikkeleg. Foto: Arne Stubhaug/NRK.
TILBAKE TIL ÅRDAL: Truls Hovland (21) vender tilbake til Årdal. 21-åringen slit med ein skade og vil bruke tida i heimklubben til å restituere skikkeleg. Foto: Arne Stubhaug/NRK. (Arne Stubhaug/NRK)

Hovland vender tilbake til Årdal

Etter tre månader i 1. divisjonsklubben Florø vender Truls Hovland nasen heim til Årdal igjen. – Eg har hatt mine begrensingar som har gjort at eg ikkje har trivst. 

Årdal: Hovland starta oppkøyringa til årets sesong på krykker etter ein skade han pådrog seg i fjor haust. Framleis slit han med den same skaden, og no vil han tilbake til Årdal for å restituere på ein best mogleg måte.

Det var Sogn Avis som omtalte overgangen først.

– Eg har vore i Florø i tre månader. Der har eg hatt mine begrensingar somhar gjort at eg ikkje har trivst. Når eg i tillegg har hatt lite å gjera utanom fotballen, påverkar det kvardagen elles, seier han til Porten.no.

Slit framleis med skade

Kantspelaren som har levert mål på bestilling i dei nedre divisjonane for Årdal siste åra, pådrog seg eit lite brot i ankelen og ein skade på leddbandet i fjor. 

– Framleis klarar eg ikkje å strekke vrista skikkelig. Eg klarar ikkje å skyte med vrista. Eg manglar både fart og skot, dei tinga eg har vore god på før. Når eg no er i ein 1. divisjonsklubb, må eg også trene deretter, og det føler eg at eg ikkje har sjanse til, utdjupar han.

– Eg har vore hjå fysioterapeut etter kampar, og der fekk eg beskjed om at foten var både stivare og meir hoven. Belastninga vart for stor. Viss eg hadde halde fram, ville eg aldri fått tid til å restituere. No skal eg byggja opp att ankelen i tett dialog med fysio.

– Skjønnar at folk byrjar å lure

Hovland ønskte helst å reise på lån tilbake til gamleklubben, men det var ikkje aktuelt. Difor blir det no ein overgang til Årdal og 4. divisjon. Dette er andre gongen årdølen vender tilbake etter å ha fått prøvd seg på eit høgare nivå. Sist var han i Sogndal.

– Eg skjønnar at folk byrjar å lure, men det kan dei berre gjera. Eg veit kva eg vil og kva eg skal få til. Eg skal gjera så godt eg kan, seier han.

– Du er ikkje redd for at dette var sjansen din?

– Nei, ikkje i det heile. Det kan jo vera, men då har eg tatt lærdom av dette slik at til neste gong skal eg kanskje berre signera ein kontrakt på eitt år og heller trena litt med klubben først slik at eg blir betre kjend. Men slik ting er og blir framover, så ville det ikkje blitt særleg bra i haust, trur eg.

Hovland blir først speleklar for Årdal til haustsesongen, som startar i august. Så langt har 21-åringen spelt åtte kampar for Florø i 1. divisjon.

Til toppen