ADMINISTRASJONSSTAD: Ikkje uventa er Sogndal valt som administrasjonsstad for Sogn. Det opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding torsdag. Foto: Halvor Farsund Storvik.
ADMINISTRASJONSSTAD: Ikkje uventa er Sogndal valt som administrasjonsstad for Sogn. Det opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding torsdag. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Hovudsetet for politiet blir flytta

Medan Sogndal vert administrasjonsstad i Sogn.

Sogndal: Administrasjonssted for Vest politidistrikt sine tre geografiske driftseiningar og tenesteeiningar (lensmanns- og politistasjonsdistrikt) er no fastsett.

Der blir det mellom anna klart at hovudsetet til driftseininga i Sogn og Fjordane vert flytta frå Florø til Førde. 

I pressemeldinga frå Vest politidistrikt kjem det også fram at Sogndal vert administrasjonsstad for tenesteeininga i Sogn. 

Forslaget til val av administrasjonssteder for tenesteeiningane byggjer på det totale arbeidet med nærpolitireforma og endring av tenestestrukturen i Vest politidistrikt.

Vil ikkje medføre mange nye arbeidsplassar

Fleire aktørar og interessentar har vore involvert i arbeidet med endring av tenestestrukturen. Politidistriktet sin samansette arbeidsgruppe og deira rapport, samt risiko- og sårbarheits vurderinga (ROS-vurderinga), drøftingar i styringsgruppa, innspel frå kommunane i deira høyringssvar, har alle vore sentrale i valet av administrasjonssted for politidistriktet sine tenesteiningar.

– Dei nye leierane for dei geografiske driftseiningane må vere mobile og førebudd på å reise rundt i si driftseining. Administrasjonen til leiaren kan ha ein desentralisert plassering, der administrativ fagkompetanse er lokalisert fleire steder i den geografiske driftseininga.

– Dei nye administrative einingane vil ikkje medføre oppbygging av ny og større bygningsmasse eller mange nye arbeidsplasser på den staden der leiaren av den geografiske driftseininga vil ha sitt administrasjonssted. Det same gjeld for  administrasjonsstaden for dei nye tenesteeiningane, som er lensmanns- og politistasjonsdistrikta.

– Me jobbar no med bemanninga av dei nye tenesteiningane i politidistriktet. Fagstillingar vil i stor grad framleis ligge ute i einingane, seier Helge Stave, prosjektleiar «Prosjekt nytt politidistrikt» i pressemeldinga.

Til toppen