Michael våge(t.v.) sendte inn eit mål og Jacob Bergset(t.h) sendte inn to mål i dagens kamp mot Bremanger.
Michael våge(t.v.) sendte inn eit mål og Jacob Bergset(t.h) sendte inn to mål i dagens kamp mot Bremanger. (Foto: privat)

–  Høyang burde ha vunne 10-1

Det seier leiar for fotballgruppa Tore Ytredal etter dagens kamp mot Bremanger.

Høyanger: – Høyang var best i alt i dag, seier Tore Ytredal, leiar for fotballgruppa Høyang.

Høyang spelte på heimebane mot Bremanger laurdag. Berre etter 6 minuttar sendte dei ballen i nettet. 

– Høyang gjekk opp til 1-0 leiing etter 6 minutt ved Jacob Bergset. Dei burda ha leia 3-0 før Bremanger utlikna 1-1. Det var på corner, men burde vore avblås og soleklart frispark til Høyang, seier Ytredal. 

Etter 23 minuttar utlikna spelaren Eirik Førde Rylandsholm for Bremanger stillinga til 1-1.

Hadde enormt mange sjansar 

Like før pause sendte Michael Våge Høyang opp i leiing igjen. Dei går til pause med stillinga 2-1 til Høyang. 

I andre omgang fekk Høyang straffespark etter 59 minuttar, og Jacob Bergset sparka ballen inn, og Høyang vinn kampen 3-1.

–  Høyang burde ha vunne 10-1. Me hadde enormt mange sjansar, seier Tore Ytredal. 

 
Til toppen