Høyanger: Compilo har hovudsete i Høyanger med seks tilsette, og har i tillegg seks andre tilsette i andre avdelingar andre plassar i landet.
Ingen arbeidsplassar er truga av salet.
– Vi har ein veldig god stab i Høyanger. Ingen mistar jobbane sine, det skal eg garantere, her blir det berre mykje meir arbeid, seier dagleg leiar for selskapet John Tonheim til Firda.
230 norske kommunar brukar tenestene Compilo har utvikla, skriv Firda. Deira programvare sikrar at kommunen er i samsvar med alle lovkrava kommunane har på seg innan alt frå helse og skule til HMS.