GRASBRANN: 15 mann frå stasjonen i Bjordal og Ortnevik branndepot rykka ut saman med innsatsleiar og tankbil i Høyanger. Få minutt etter alarmen gjekk, var mannskapa på plass og fekk kontroll på brannen.
GRASBRANN: 15 mann frå stasjonen i Bjordal og Ortnevik branndepot rykka ut saman med innsatsleiar og tankbil i Høyanger. Få minutt etter alarmen gjekk, var mannskapa på plass og fekk kontroll på brannen. (Foto: Høyanger Brannvesen)

BILDESERIE

Høyanger Brannvesen takkar alle som sløkka brann heile natta

– Flinke bønder, lokale bedrifter og ikkje minst brannfolk og 110-sentralen sytte for at brannen etterkvart vart sløkt, skriv Høyanger Brannvesen.

Høyanger: – Vi ynskjer i dag å rette ei takk til dei flinke innbyggjarane våre. I heile natt har 18 brannfolk og to sivile arbeidd for å sløkke ein grasbrann, skriv Høyanger Brannvesen på si Facebook-side. 

Klokka 02:00 varsla observante natteranglarar om at det brann i ein skråning ved Vamråktunnelen ned mot Sognefjorden. Brannen hadde spreidd seg om lag 100 meter langs skråningen og gneistane sto heilt opp til høgspentlinja. 

– At me kan ringe midt på natta og folk stiller opp, er gull verdt

15 mann frå stasjonen i Bjordal og Ortnevik branndepot rykka ut saman med innsatsleiar og tankbil frå Høyanger. Få minutt etter alarmen gjekk var mannskapa på plass og fekk kontroll på brannen.

I tillegg vart det rekvirert tre traktorar med gyllevogner, båt og tankbil. Tre lokale bønder kom med kvar sin traktor og Osland Havbruk stilte med båt til sløkkingsarbeidet. 

– Flinke bønder, lokale bedrifter og ikkje minst brannfolk og 110-sentralen sytte for at brannen etterkvart vart sløkt, skriv brannvesenet. 

Dei jobba med å sløkke brannen i frå klokka 02:00 til 06:00. Stasjonssjef i Høyanger Brannvesen, Preben Søreide seier til Firda at det er stor innsatsvilje blant folk. 

– At me kan ringe midt på natta og folk stiller opp, er gull verdt. Eg må rette ei stor takk til alle som deltok, seier Søreide til avisa. 

Det er fortsatt uvisst kvifor det begynte å brenne og politiet etterforskar no saka. 

(Foto: Høyanger Brannvesen)
GRASBRANN: 15 mann frå stasjonen i Bjordal og Ortnevik branndepot rykka ut saman med innsatsleiar og tankbil i Høyanger. Få minutt etter alarmen gjekk, var mannskapa på plass og fekk kontroll på brannen. (Foto: Høyanger Brannvesen)
(Foto: Høyanger Brannvesen)
(Foto: Høyanger Brannvesen)
(Foto: Høyanger Brannvesen)
Til toppen