SEIER FRÅ: Høyanger kommune meiner det ikkje er greitt at vindkraftutbyggjar Fred. Olsen Renewables AS går vidare i prosessen medan høyringsrunden for nasjonal ramme for vindkraft framleis pågår.
SEIER FRÅ: Høyanger kommune meiner det ikkje er greitt at vindkraftutbyggjar Fred. Olsen Renewables AS går vidare i prosessen medan høyringsrunden for nasjonal ramme for vindkraft framleis pågår. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

Høyanger kommune ber vindkraftutbyggjar trekkje melding

Kommunestyret i Høyanger vedtok torsdag samrøystes å be Fred. Olsen Renewables AS trekkje meldinga selskapet sende til NVE tidlegare i månaden.

Høyanger: Saka om å be Fred. Olsen Renewables AS (FOR) om å trekkje meldinga om oppstart av Høyangerfjell vindkraftverk vart fremja av ordførar Petter Sortland (Ap).

Den vart også handsama i formannskapet same dag, og gjekk samrøystes gjennom der.

I vedtaket ber kommunen FOR om å i staden for sende inn eit høyringsinnspel på lik linje med andre partar i saka, og slik delta i den demokratiske prosessen. 

Sortland sa i kommunestyremøtet at FOR tek saka eit steg lenger enn alle andre ved å sende melding til Noregs vassdrags- og Energidirektorat (NVE). Melding er første steg i ein konsesjonsprosess.  

– Saka fortener at kommunestyret oppmodar FOR om å trekkje meldinga. Dei kan gjerne skrive ein høyringsuttale, men me bør seie frå når dei neglisjerer og omgår høyringsrunden, sa Sortland. 

Forslaget vart samrøystes vedteke også av kommunestyret. Saka vil verte sendt til FOR i løpet av morgondagen, ifølgje ordføraren. 

Prosjektet Høyangerfjell vindkraftverk er planlagt i fjella i Høyanger og Gaular. I sistnemnde kommune sa formannskapet nei til vindkraft i dag, skriv Firda

Til toppen