Meiningar: Høyanger kommunestyre har tidlegare vedteke, mot Raudt sine stemmer, å følgje Høgre-regjeringa sin fastsette makspris for foreldrebetaling i barnehagar. Raudt har programfesta gratis barnehage og SFO og stiller oss undrande til dette prinsippvedtaket.
Raudt forslo derfor i kommunestyremøtet 15.12. å ikkje auke barnehagesatsane i 2021, men dette forslaget fekk berre Raudt og SV sine stemmer.
Ny sats for 100 prosent barnehageplass blir 3230 kr frå 1.1.21; ein auke på 95 kr. Prisauken er då 3 prosent. I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett, er det lagt opp til ein prisauke på 3,5 prosent, og ein lønsvekst på 2,2 prosent - altså ein reell reallønsnedgang.
Eit viktig verkemiddel
Høyanger kommune er i knivskarp konkurranse om tilgang på fagfolk – først og fremst sjukepleiarar innafor helse -og omsorg.
Stillinga som helse- og omsorgssjef er utlyst på nytt, og stillinga som næringssjef er utlyst. Kva skal til for å trekkje unge folk til Høyanger?
Raudt meiner dei forholdsvis låge prisane på offentlege tenester kan vere eit viktig verkemiddel.
Tilflytting i distriktskommunar
Det er derfor interessant at det dei siste månadane har kome to offentlege utgreiingar om distriktspolitikk.
Den første kom frå distriktsnæringsutvalet og var leia av tidlegare Hydro-direktør Brandtzæg. Den andre blei leia av tidlegare Høgre-minister Victor Normann og heiter «Det handler om Norge». Denne blir også kalla «Demografi-utgreiinga».
Eit viktig forslag her er «forsøk med gratis barnehage og SFO for å øke familieetablering og tilflytting i distriktskommuner».
Dette burde absolutt vere aktuelt for Høyanger kommune. I tillegg håpar vi i Raudt at både kommunestyret og mange andre organisasjonar vil gje uttalar om desse to utgreiingane; i håp om at vi etter kvart kan kjempe fram att ein distriktspolitikk som motverkar avfolking og sentralisering av både bedrifter og offentlege tenester.