SLUTT: Det vert slutt for konvensjonelle båtar som MF Tansøy på sambandet mellom Vik og Ortnevik etter 2024.
SLUTT: Det vert slutt for konvensjonelle båtar som MF Tansøy på sambandet mellom Vik og Ortnevik etter 2024. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

Høyanger, Vik og sørsida må vente endå litt lenger på nullutsleppsferje

Eit samrøysta fylkesutval vedtok torsdag å bruka ein kortvarig kontrakt frå 2022 til 2024 med konvensjonelt drivstoff, før oppstart med hybride løysingar i 2024.

Sogn: Vedtaket omfattar lokalbåtsambanda i Vik, Høyanger, Kinn og Bremanger kommune. Det melder Vestland fylkeskommune i ein pressemelding. 

– Me har høge ambisjonar for betre klima og er no klare for anbodskonkurranse med nullutsleppsteknologi, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Vil sikra drifta og ha god fleksibilitet

Marknaden for låg- og nullutsleppsteknologi er i rask endring og Fylkeskommunen melder at dei difor forventar at leverandørane skal sikra Vestland gode resultat mot det grøne skiftet. 

– Målet vårt om funksjonelle snøggbåtar utan utslepp står fast. Men for å sikra drifta, ha fleksibilitet og auka rekkevidde ser me at me i ein overgangsperiode må ha båtar med hybride løysingar, seier Fylkesordføraren.

– Utsleppa vert uansett svært låge, og det er opp til leverandørindustrien å visa kor raskt dei er klare til å levere, seier han.ß

Kva for ambisjonsnivå det vil bli for hybridgraden vert lagt fram som politisk sak seinare i haust.

Til toppen