HYMNE: Highasakite har laga Eliteserien si nye hymne. Foto: Halvor Farsund Storvik.
HYMNE: Highasakite har laga Eliteserien si nye hymne. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Høyr den nye hymna til Eliteserien

Når spelarane ruslar spente inn på bana, er det tonane frå Highasakite si nye Eliteserie-hymne som skal runge på stadion.

Sogndal: Hymna skal prege både TV-vignettar og promoar, og ikkje minst skal ho fungere som innmarsjmusikken på alle stadionar i Eliteserien. 

– Me ønskte ein musikk som skulle gi publikum gåsehus samstundes som han tok med seg verdiane til Eliteserien – lidenskap og fellesskap. Det synest me Highasakite verkeleg har fått til, seier prosjektansvarleg i Fotball Media, Hallbjørn Saunes.

I Sogn har innbyggjarane kanskje eit litt ekstra spesielt forhold til Highasakite sidan dei også stod for kjenningsmelodien til serien «Frikjent», som vart spelt inn i Årdal og Lærdal. 

No skal tonane også runge ut mellom fjella i Sogndal på kampdag.

– Eliteserien er eit stort og sterkt merkenamn, og vignetten som har vore i bruk dei siste åra har fått vere med lenge. Det gjer det jo til ei ekstra stor ære i det heile tatt å bli spurt om oppdraget, seier Ingrid Helene Håvik i Highasakite.

Høyre hymna i sin heilskap her.

Til toppen