ELGHUFS: Anders Hallingstad fører an i 4x4 elghufs-intervall. Han meiner det er tungt å motivere seg for ei slik økt åleine og har dratt i gang fellestreningar. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix.
ELGHUFS: Anders Hallingstad fører an i 4x4 elghufs-intervall. Han meiner det er tungt å motivere seg for ei slik økt åleine og har dratt i gang fellestreningar. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix.

Hufs deg i form

Enten snøen har komme eller ikkje, er det på tide å ta fram stavane og bli med på ei elghufs-økt.

I ein snøfri alpinbakke høyrer vi klapringa av tretti par stavar på veg mot toppen.

– To minutt igjen! roper Anders Hallingstad til stønn og pesing frå dei tretti frammøtte. I ti år har Foss sport kvar måndag hausten gjennom arrangert felles elghufstrening i Marikollen skisenter i Rælingen.

– Da eg byrja å trene med stavar i alpinbakken for ti– femten år sidan, såg folk rart på meg. No verkar det som om mange har fått sansen for bakketrening med stavar, seier han.

Hallingstad er tidlegare aktiv skiløpar med blant anna fem år på det norske langdistanselandslaget bak seg. No er han dagleg leiar i Foss sport og initiativtakar til desse vekesøktene.

Han meiner elghufs er ei fin treningsform ettersom du får trena heile kroppen.

– I tillegg er det god kondisjonstrening. Når både armar og bein er i sving, kjem du lett opp i høg puls. Elghufs er dessutan ei fin førebuing til skisesongen, seier han.

For armar og bein

Kva elghufs er, kan vere vanskeleg å forklare med berre ord, men éi forklaring kan vere at det er klassisk langrenn utan ski på beina.

– Elghufs skil seg frå det å springe med stavar ved at det skal vere mest mogleg likt skigåing – du skal ha det same kraftige fråsparket som i langrenn. Du skal òg bruke armane aktivt. Du må skuve skikkeleg frå i kvart tak, forklarer Hallingstad.

Artikkelen held fram under biletet.

FRÅSPARK: Anders Hallingstad viser korleis du i elghufs prøver å sparke ifrå som i klassisk langrenn. 
FRÅSPARK: Anders Hallingstad viser korleis du i elghufs prøver å sparke ifrå som i klassisk langrenn. 

Den norske langrennseliten har brukt elghufs i mange tiår, men kor namnet kjem frå, er uklart. Sannsynlegvis viser det til dei lange og spenstige stega hos elgen. Eller kanskje kjem namnet frå prustinga du kan høyre når ivrige elghufsarar nærmar seg slutten av eit intervall?

Oppover bakkane i Marikollen er det i alle fall mange som hiv tungt etter pusten, før alle trekkjer eit letta sukk idet Hallingstad signaliserer at det første fireminuttsintervallet er over.

I Marikollen er det nemleg alltid intervalltrening som står på planen. Ofte 4x4, (fire intervall på fire minutt med pausar mellom, der ein går eller spring til botnen av bakken), men òg andre intervallvariantar.

– Det er få mosjonistar som klarer å motivere seg til ei så hard økt åleine. Som tidlegare aktiv langrennsløpar veit eg kor viktig det er å ha nokon å trene saman med, slik at ein kan pushe kvarandre litt, seier han.

Betre enn rulleski

Tidlegare langdistanseløpar Ingrid Kristiansen er òg tilhengar av elghufs som førebuing til skisesongen.

– Eg vil påstå at det for folk flest er meir effektiv trening å gå med stavar enn å gå på rulleski. Går du med stavar, må du bere di eiga vekt heile tida, mens du på rulleski får hjelp av hjula. Dei som har avgrensa med tid til å trene, vil få meir ut av å ta nokre skikkelege elghufsøkter i motbakke enn å skaffe seg rulleski – tryggare er det òg, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet.

FOLKESPORT: Du kan ha nytte av elghufs uansett korleis forma di er. Dei sprekaste legg seg i teten, mens dei mindre gjennomtrena kan hufse seg etter. 
FOLKESPORT: Du kan ha nytte av elghufs uansett korleis forma di er. Dei sprekaste legg seg i teten, mens dei mindre gjennomtrena kan hufse seg etter. 

Kristiansen tilbyr kvar veke fleire stavgangstreningar, der deltakarane vekslar mellom vanleg stavgang og intervall med hufsing. Ho meiner den største feilen folk gjer, er at dei ikkje bruker armane skikkeleg.

– Eg ser mange som trur dei er ute og trenar elghufs, og så er dei eigentleg ute og spring. Det er ikkje noko poeng å ha stavar viss du ikkje bruker dei. Vi er så vande til at målet er å komme seg så fort som råd framover, men i elghufs er krafta i kvart tak det viktigaste, forklarer ho.

For å få brukt armane skikkeleg er det viktig at stavane ikkje er for lange. Hallingstad tilrår stavar som er 10– 15 centimeter kortare enn dei du bruker til klassisk langrenn.

Alt det andre du må hugse på, roper han ut over den flaumlys-bada alpinbakken, mens deltakarane legg høgdemetrane bak seg.

– Opp med hovudet! Sjå framover! Bruk armane! Eg trur ikkje nokon av dykk har vorte sure i armane enda! Kom igjen, heng deg på han som ligg føre deg! De må tørre å ta i!

Til toppen